Eikås 4H jubilerer komande helg. (Foto: Merete Støfring)

Ungdomeleg 60-åring

– Eg ser fram til laurdag i spenning. Det er kjekt å få oppleve eit jubileum i klubben, og endåtil få lov å vere programleiar, seier leiar i Eikås 4H, Sigbjørn Norddal.




Eikås 4H vart starta opp på Eikås i Jølster i 1958. I jubileumsåret har klubben 36 medlemmer mellom 10 og 18 år, noko som er av det høgste medlemstalet i klubben si historie.

Opplever opptur

– Det er kjekt at 4H i Jølster opplever ein opptur. På Eikås har vi etter kvart fått mange prosjekt som vi løyser saman i grupper. Til dømes har vi i jubileumsåret hatt prosjekt der nokre medlemmer har hatt som mål å liggje ute ei kald vinternatt, andre har gjennomført kurs i takkebakst med avsluttande kafé, medan eg og to andre karar har lakka og bona golvet på nokre av romma i ungdomshuset, fortel Sigbjørn Norddal.



Tradisjonell 4H-fest

Under årets haustfest vil medlemmene markere jubileet ved å lese opp namna på alle som har fullført 4H-programmet og fått plaketten i løpet av dei 60 åra. Totalt 92 personar som har fått plaketten, 43 gutar og 49 jenter. Årets plakettmottakar er Kristina Støfring.   Bestefar hennar, Alf Støfring, var ein av dei første som fekk plaketten i 1965, far til Kristina, Geir Støfring, fekk plaketten i 1990, og no får Kristina plaketten i 2018.

Mykje har nok endra seg på 60 år, men 4H-festen laurdag 27. oktober av det tradisjonelle slaget.

– Det vert program, betasuppe og kaker. Hilde Sværen kjem frå 4H-kontoret for å dele ut merke. Det blir stas å få besøk frå 4H-kontoret, tykkjer Norddal, som sjølv er inne i sitt første år som leiar og sitt nest siste år som medlem før han kan få plaketten.

Nokre medlemmer, mellom andre Eirin Støfringsdal, har hatt som mål å liggje ute ei kald vinternatt. (Foto: Jostein Skår Støfring)