I år vert det tilbod om å vere med på UKM i Operahuset på Nordfjordeid for dei som har meldt seg på UKM i Gloppen. Her ser vi Maja og Thea Selsvik frå eit tidlegare UKM. (Arkivfoto)

UKM-samarbeid med Eid og Selje

UKM Gloppen vert i år avvikla i samarbeid med Eid og Selje i Operahuset på Nordfjordeid. Så sjølv om det var for liten påmelding til å arrangere eit reint lokalt UKM, får dei som har meldt seg på likevel sjansen til å vere med.



Berre seks sceneinnslag hadde meldt seg på til UKM i Gloppen då fristen gjekk ut tidlegare i månaden, og dermed konkluderte arrangørane at det ikkje vert arrangert i år heller.

Heiv seg rundt

– Det vart avlyst i fjor, men vi ville prøve ein siste gong i år og hadde kontakt med både ungdomsskulen, Firda vgs og kulturskulen som alle stilte opp for å få deltakarar med, men påmeldingane var ikkje som håpa likevel, fortel Kjersti Rønningen, fritidsleiar i Gloppen kommune.

Det er Gloppen ungdomsråd og Rønningen som står for arrangementet. Dei hadde sett som grense denne gongen at det måtte vere minst ti innslag påmelde for å arrangere mønstringa lokalt. Dit kom påmeldinga ikkje.

– Då vi såg at vi hadde seks påmelde scene-innslag, heiv vi oss rundt og tok kontakt med Eid, og dei var særs positive. Dermed får alle dei påmelde i Gloppen tilbod om vere med i Operahuset 9. februar, seier ho.

Mange arenaer

Gloppen har sidan det som i starten heitte Ungdommens kulturmønstring, og dei siste åra «Ung kultur møtes» vore ein av dei kommunane som verkeleg har hatt stor deltaking under UKM, både lokalt og vidare opp. Men for tre år sidan starta oppslutninga å gå nedover, og i fjor vart det altså inga lokal mønstring.

– Ungdommen har etter kvart mange arenaer og scener dei kan og skal delta på gjennom året, både på skulen og i kulturskulen. Så det er ikkje sikkert dei tek seg tid til å vere med på UKM, seier Rønningen.

Ho kan også vere med på at statusen til UKM ikkje lenger er som den var.

Fenomenet er ikkje særeige for Gloppen. Landet rundt merkar UKM-apparatet at oppslutninga minkar. UKM sentralt peikar på at sosiale medium kan vere ein grunn til at ungdom prioriterer annleis enn før. Her har dei nye og større arenaer der dei kan vise fram det dei har og få tilbakemeldingar der dei før brukte UKM.

Har ikkje heilt gitt opp

Ungdomsrådet og Rønningen vil ikkje gravlegge UKM i Gloppen enno, men ser at det må vurderast ei ny tilnærming.

– Vi må sjå på andre måtar å få tilbodet ut på, og det kan hende at vi må få til eit endå sterkare samarbeid med til dømes  kulturskulen og Firda. Det kan også vere at ei løysing med samarbeid, som vi i år fekk til med Eid og Selje, kan vere vegen vidare. Det må vi ha med oss framover, seier Rønningen.