Draumekvila.

Tur og teater

– Det er historia om ein villmann av ein konge som nekta å døy, seier Rolf Losnegård, dramatikar, og no, skodespelar.

Dette vert ein tur på dagtid saman med dei framandspråklege elevane og lærarane på Gloppen opplæringssenter, og eit fint høve til å vere saman om opplevingar. Alle er velkomne til å delta, melder arrangøren Gloppen folkebibliotek.

Verdas eldste nedskrivne forteljing
Forteljeteateret publikum skal få oppleve på dagsturhytta er «Gilgamesh – kongen som nekta å døy», ei framsyning Losnegård nyleg har spele på Litteraturhuset i Bergen og rundt om i Sogn og Fjordane. I denne tilpassa versjonen av teaterstykket møter den gamle forteljinga det norske eventyret. Forteljinga er opphaveleg eit epos frå eit område i dagens Irak, og byggjer på Losnegård si bok om Gilgamesh, ei gjendikting til nynorsk, engelsk og arabisk.

Dramatikar – og no også skodespelar – Rolf Losnegård trur det vert både spennande og inspirerande å bruke norsk natur som arena for den nesten 5000 år gamle forteljinga om kong Gilgamesh.

– Dette er jo historia om ein villmann av ein konge som nekta å døy, seier Rolf

– Og faktisk er det vel nett den kjensla du kan få når du står på ein stupbratt norsk fjelltopp – ei fantastisk kjensle av å vere udødeleg!
Forteljarteateret varer om lag ein halv time, og er gratis. Om du vil, kan du møte opp ved Stilstova ein time før, så går vi ilag. Ta gjerne med niste. Bli med på tur – med teater!

«Tur og teaterturné»
Arrangementet i Gloppen 21. juni er ein del av ein «tur og teaterturné» på dagsturhytter i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og folkebiblioteka står bak arrangementet, og har engasjert Aldateateret med framsyning av Gilgamesh – kongen som nekta å døy av og med Rolf Losnegård. Eid og Gloppen er først ut med tilbodet i veke 25. I Gloppen vert dette på dagtid. Flyktningar og innvandrarar vert spesielt inviterte til arrangementet. Gloppen opplæringssenter legg inn denne turen som ein del av avslutninga av skuleåret. Men arrangementet er ope for alle!

Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane, står bak ideen om kulturmøte og turné til dagsturhyttene:

– Målet er å skape gode møte mellom nye og etablerte innbyggjarar i kommunane, og å leggje til rette for felles natur- og kulturopplevingar.

Ingvaldsen strekar under at møteplassar som dette kan bidra til å byggje tilhøyrsle og samkjensle i lokalsamfunna.

– Vi ynskjer både å gjere kjent den norske turtradisjonen og å inspirere fleire til turglede og uteaktivitet. Tanken er å kombinere norsk tradisjon og kultur, friluftsliv og nynorsk språk med formidling av litteratur frå eit av områda vi har teke imot flyktningar frå, seier Ingvaldsen.

Dagsturhyttene har nynorske bibliotek, og eit viktig mål med turneen er òg å synleggjere bibliotektilboda i kommunane.

Fleire arrangementsrekkjer i vente
Fylkesbiblioteket har fått stønad frå Nasjonalbiblioteket til tre ulike arrangementsrekkjer på dagsturhyttene i 2018 og 2019

Dagsturhytteprosjektet er eit initiativ frå Sogn og Fjordane fylkeskommune for å bidra til betre folkehelse. I løpet av 2019 vil alle kommunar i Sogn og Fjordane få si eiga dagsturhytte. Dagsturhyttene er utrusta med eit turbibliotek som skal stimulere til lesing og gjere kjend nynorsk litteratur. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Målet er fysisk aktivitet og bibliotek for alle.