Filmskaparane har henta inspirasjon i verkelege hendingar når dei har laga spenningsthrilleren «Tunnelen». Snart er det klart for førpremiere ei rekkje stader rundt om i landet. Foto: Sjur Aarthun / Nordisk Film

Tunneldrama på høgfjellet




I desse dagar er det duka for førpremiere for spenningsfilmen «Tunnelen» fleire stader i landet. I Stryn rullar filmskaparane ut den raude løparen på fjellet Hoven, 1011 meter over havet.


Både skodespelarar og Vassendgutane blir med på den skyhøge premieren, fortel filmdistributøren i ein pressemelding.


Regissør Pål Øie har tidlegare fortalt at filmen er ein spenningsthriller inspirert av verkelege hendingar. Filmdramaet handlar om kva som skjer når ein tankbil køyrer inn i fjellveggen i ein ni kilometer lang tunnel, og barnefamiliar, ungdommar og turistar blir innesperra.


Før filmen har premiere 1. juledag, blir det førpremiere med besøk fleire stader i landet. Så snart filmskaparane er ferdige med festpremiere i Oslo 12. desember og ein førpremiere på Lillehammer dagen etter, set dei kursen mot Vestlandet. Der får desse stadane besøk: 14. desember: Stryn, 15. desember: Vik i Sogn, 16. desember: Trondheim, 17. desember: Bergen, 18. desember: Flåm, Aurland, 19. desember: Førde, 20. desember: Ulsteinvik og: Ålesund, 21. desember: Stranda og Sogndal.


(©NPK)