Ein ung sjåfør må i fengsel etter å ha køyrt i 129 km/t på Fløtre.

Må i fengsel etter råkøyring

Ein 18 år gammal mann er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel utan vilkår i 28 dagar etter å køyrd i 129 km/t i 60-sona på Fløtre i Breim.

Køyreturen fann stad seint i mai i år, og i tillegg til fengselsstraffa, misser den unge sjåføren førarretten i 27 månader.

Alder ikkje formildande

Påtalemakta meinte at lovbrotet i utgangspunktet svarte til ei straff på 30 dagars fengsel, og at det ikkje var formildande at vedkomande var ung.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktor rådde til å gi ein strafferabatt på to dagar, ettersom mannen tilstod forholdet. Retten følgde denne tilrådinga.

Misser førarrett

Påtalemakta la også ned påstand om at vedkomande skulle tape førarretten i 27 månader. Mellom fleire omsyn, la dei særleg vekt på tryggleiken til andre trafikantar.

Mannen sin forsvarar argumenterte for at eit slik tap ville vere tyngande, ettersom vedkomande bur på ein stad der han er avhengig av bil.

Trafikktryggleik viktigast

Retten har forståing for at tapet av førarretten påverkar han tyngre enn dei som bur i område med eit betre kollektivtilbod.

Desse ulempene må likevel vegast opp mot omsynet til trafikktryggleiken, allmennpreventive omsyn og omsynet til likebehandling. Ifølgje rettspraksis skal det svært mykje til før det vert teke omsyn til økonomi og personlege tilhøve. Retten meiner av den grunn at tapet ikkje vil vere vesentleg meir byrdefullt for 18-åringen enn det ein normalt må rekne med.