Ferjestrekninga Anda - Lote er torsdag innstilt inntil vidare. Foto: Geir Skagen

Anda - Lote tilbake i ordinær drift

Etter to timar ved kai grunna uvêr, er begge ferjene i sambandet Anda - Lote klokka 14.00 tilbake i ordinær drift.

Fjord 1 melde litt før klokka 12.00 at begge ferjene var tekne ut av drift grunna uvêret. Litt over klokka 14.00 melder Fjord 1 at ferjene er tilbake vanleg rute.

Også ferjestrekninga Lavik - Oppedal over Sognefjorden og strekninga Leirvåg - Sløvåg på fylkesveg 57 har vore stengt i ettermiddagstimane på grunn av uvêr.

Fleire ferjestrekningar langs kysten har hatt problem grunna uvêr torsdag.