Mona Isane Fekk beste resultat i Jølster med 346 i klasse 5.

To kvinner på topp i Jølster

Frydenbø cupen i skyting har vore avvikla siste dagane og vart avslutta søndag. Det var skyting på fem baner; Førde, Jølster, Gaular, Holsen og Florø. 



Skyttarar frå fjern og nær fann vegen til dei fem banene og det vart mykje god skyting. Det møtte skyttarar frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør, og frå Stadlandet i vest til Gudbrandsdalen i aust.  Vi var til stades på Jølster Skyttarstadion der det var skyting frå torsdag til søndag, og der to kvinner til slutt toppa listene i klasse 3-5.



Tidlegare skyttarprinsesse tok kaka.

Det starta torsdag då Reidun Knapstad frå Florø klinka til med 346 i klasse 5, eit resultat som sto seg til langt ut på søndag. Men då kom den tidlegare skyttarprinsessa Mona Isane inn på standplass og ho hadde skumle planar. Isane er opphavleg frå Førde, men skyt no for Rennebu skyttarlag.

Etter at siste skot var avfyrt sto også Mona med 346, men med to innertiarar meir enn Knapstad, vart ho beste skyttar i Jølster, med Reidun Knapstad på andreplass. Når det gjeld samanlagt, der dei fire beste resultata er teljande, hamna Isane på åttandeplass, medan  Knapstad hamna som nummer femten til slutt.

-Betre enn dette kan eg vanskeleg håpe på, smilte Mona Isane etter å ha teke teten i Jølster, og vart ståande med besteresultat der.  Den gjeve 5. klassen vart vunnen samanlagt av Tor Gaute Gjøingsli frå Lom og Skjåk skyttarlag.

Når det gjeld Hyarane, så vart Ole Arild Aa bestemann med ein niandeplass samanlagt i klasse 5.

Veteranduell i Hyen

Hyen har to veteranar som plar hevde seg, og slik vart det også denne gongen. I Jølster skaut Odd Peter Skinlo og Peder Holme i same lag og dei hadde ein skikkeleg duell seg i mellom. skinlo skyt i V-65, medan Holme skyt i V-73.

-Vi skal prøve å gjere så godt vi kan, smilte dei to karane før dei gjekk inn på standplass, og slik vart det. Etter 25 skot hadde Holme fullt hus, medan Skinlo hadde ein niar og låg eitt poeng bak. Men i omgangen sprakk det litt for Holme som måtte tole fire niarar, medan Skinlo klarte seg med ein. Dermed fekk Skinlo 348 og Holme 346 til slutt.



- Eg fekk litt problem med synet, kunne Holme fortelje etter at siste skot var avfyrt, men humøret var likevel i orden. -Hadde vi vore like gode til å skyte som vi er pene på bilete, hadde vi toppa alle lister, humra Peder Holme før dei to karane reiste tilbake til Gloppen. Odd Peter Skinlo vann til slutt klasse V-65 samanlagt, som han gjorde i fjor, medan Peder Holme vart nummer 16 i V-73. Her vart Toralf Årdal frå Jølster nummer ni.

Lotsberg overgjekk seg sjølv

Ein av dei den som skaut best av veteranane i Jølster, var Kristen Lotsberg frå Nordbygda og Rand skyttarlag. Han skyt i V-73 og klinka til med fullt hus og 350.

-Dette var fantask kjekt. Det er det beste eg har gjort på tre år og det er nesten ikkje til å tru. Når det blir som i dag, er det kjekt å vere skyttar, smilte veteranen som feira med kaffi og vafler etter den flotte skytinga. Lotsberg vart nummer sju samanlagt. Også Ludvik Indrebø frå Farnes skyttarlag skaut fullt hus når det gjeld dei eldste veteranane.



Mellom dei yngste merka vi oss Mathilde Håvåg Wergeland frå Oppedal/Brekke skyttarlag som skaut fullt og 350 i rekruttklassa. Ho vann til slutt Frydenbø cupen samanlagt.

 



 

 

 

Odd Peter Skinlo (t.v.) og Peder Holme hadde ein frisk duell i Jølster.
Mathilde Håvåg Wergeland frå Oppedal og Brekke skaut fullt hus i rekruttklassa.
Kristen Lotsberg hadde all grunn til å smile etter fullt hus i Jølster.