Bildet er frå då Vegvesenet jobba med å opna fylkesvei 55 over Sognefjellet i 2017. Arkivfoto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Tidleg opning av Sognefjellet

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar tre veker tidlegare enn vanleg.


Fredag 12. april skal vegen vere open for trafikk, skriv Sogn Avis.


Det er vanleg at vegen over Sognefjellet opnar 1. mai kvart år etter å ha vore stengd om vinteren. I år kjem påskehøgtida seint i april, og Vegvesenet og fylkeskommunen har bestemt at vegen skal opnast tidlegare,


– Dersom vi skulle opna til 1. mai, ville mykje av brøytinga ha gått føre seg samstundes med påsketrafikken. Det vil vi prøve å unngå, seier leiar Asbjørn Stensrud i driftsseksjonen i Statens vegvesen i Oppland til avisa. (©NPK)