Bensinstasjonen på Skei får til hausten eit nytt tilbod når Tesla etablerer superladestasjon.

Tesla etablerer superladestasjon ved Circle K-stasjonen på Skei

El-bil produsenten Tesla har søkt om byggjeløyve for ein såkalla superladestasjon på Skei. Han skal plasserast ved bensinstasjonen til Ola Fugle.


– Dette er noko eg ser veldig positivt på. Det gjeld å følgje med i tida og henge med på lasset når nye ting dukkar opp, seier Ola Fugle, som i vinter fekk på plass ny butikk og kafé på bensinstasjonen sin.

Imponerte Tesla

Dei siste åra har Tesla stadig vekk utvida nettet sitt av ladestasjonar, først og fremst langs hovudvegane i landet. For nokre år sidan oppretta dei ein ladestadson på Sandane, og no kjem det ein på Skei.

– Eg hadde besøk av ein representant for Tesla for ei tid sidan. Han var imponert over staden og meinte Skei ville vere ein perfekt lokalitet for ein ny ladestasjon. Vi hadde eit møte med kommunen, og signala der ifrå var positive, fortel Fugle, og ser fram til å få på plass endå eit tilbod ved bensinstasjonen sin.

Kjem til hausten

– Ei nyetablering av ladestasjon ved Circle K Skei vil gjere det mogeleg for Tesla-eigarar å ete lunsj eller middag medan bilar ladar. Dette vil gjere Skei til ein naturlig stoppestad og eit knutepunkt for elbilistar på langtur, samt styrke ladenettverket på Vestlandet, skriv Tesla i byggesøknaden.

– Var det Tesla som kontakta deg, eller var det omvendt?

– Det var Tesla som kontakta meg. Dei har nemleg ein avtale med Circle K-kjeda om etablering av ladestasjonar. I august reknar eg med byggestart, og etter om lag tre veker skal alt vere klart, seier Fugle, som får tolv ladestasjonar ved bensinstasjonen.

Alle skal plasserast i leskur for å hindre at snø kan gjere dei vanskeleg tilgjengelege om vinteren.

Mange bein

Ola Fugle har mange bein å stå på. I tillegg til bensinstasjon og kafé på Skei, har han også utleigehytter i tilknyting til bensinstasjonen, oppstillingsplass for trailerar og såkalla døgnkvile for langtransportsjåførar. Litt vest for Skei driv han Haugen Camping som fekk ei kraftig opprusting med ny oppstillingsplass for bubilar og campingvogner for fem år sidan. Der kom det også nytt servicebygg. Med ny E39 lagd på oppsida av campingplassen står no dei gamle hyttene for tur.

– Til våren må vi kome i gang med eitt eller anna, utan at planane er heilt klare enno, fortel Fugle.

Han kan melde om god trafikk og nøgde gjester på campingplassen.