Sydenstemning i sør på 17. mai

Det blir temperaturar opp mot 20 grader over heile Sør-Noreg på nasjonaldagen. Lenger nord blir det byevêr og temperaturar ned mot nullpunktet.


Det er berre å finne fram solbrillene og kneppe opp skjorta, for høgtrykket dominerer heile Sør-Noreg på nasjonaldagen. Midt på dagen kan gradestokken vise heile 23 grader fleire stader.


– Det blir varmt i bunaden, seier meteorolog Tone Kristin Taule i Meteorologisk institutt til NTB.


For Vest-, Aust- og Sørlandet ser faktisk 17. mai ut til å bli den beste og varmaste dagen denne veka.


Langs kysten av Midt-Noreg er det derimot tåkefare, noko som kan bli ein skikkeleg festbrems.


– Dersom tåka blir liggande til fredag, vil det gi utslag på temperaturane i Trøndelag og Møre og Romsdal. Men det er for tidleg å seie korleis tåka flyttar seg, seier Taule.



Grått og kaldt lengst nord

I Nord-Noreg får vi ein tyngre vêrtype. Det kan bli fint vêr i Nordland, men utsiktene ser ikkje like lyse ut for Troms og Finnmark. Her det blir det nedbør og mykje lågare temperaturar.


– Det blir spreidde byer i nord. Ikkje alle vil få regn, men det blir litt ein og annan plass, seier ho.


Finnmarkingane får temperaturar ned mot tre grader og risikerer å måtte gå i tog i sluddbyer.



Vått i helga

Trass i sydenstemning på nasjonaldagen i Sør-Noreg, er ikkje gråvêret langt unna.


– Eit frontsystem med byer nærmar seg frå sør og vil gradvis gi meir skyer utover kvelden fredag. Men heldigvis held vêret seg bra i timane der folk er mest aktive, midt på dagen, seier ho.


Dette gir eit ustabilt vêr, og det vil bli periodar med regn. Sørlandet og den sørlegaste delen av Austlandet vil få nedbør natt til laurdag. Skyene vil ligge i ro det meste av laurdagen. Lågtrykket kan òg trekke mot Rogaland og Hordaland. Søndag trekker dette òg mot Austlandet.


– Vêret i nord blir uendra og lågtrykket held seg stabilt gjennom helga, men det kan bli litt varmare, seier Taule. (©NPK)