Trass i mykje båtar, traktorar og anna maskinelt utstyr så måtte det også brukast rå handemakt. Her er det Jon Egge som har fått ei solid bør på plass

Svært mange rydda langs Jølstravatnet

Store mengder skog hamna i Jølstravatnet raskvelden for snart to veker sidan. Laurdag var bygda mobilisert for å rydde langs strendene.



Det vart rydda langs begge sider av vatnet og det låg skog i fjæra frå Vassenden og to mil innover vatnet. Det var alt frå småkvist til store tre.



Stor gran

Dei som har køyrt langs Jølstravatnet i det siste har kanskje sett ei stor gran flytande midtfjords. Den har har heile tida flytta seg austover og var laurdag kommen innover til Helgheim kyrkje. Der vart den teken under slep litt lenger aust, til Huus der ei gravemaskin sto klar til å få den på land.



-Vi brukte nesten tre timar på slepet på nokre få hundre meter og det synte seg at det låg ei stor bjørk på tvers, under grana, fortalde Jon Egge som hadde vore med på operasjonen. På land vart rota kappa i frå og det synte seg at diameteren var på 95 cm, altså eit velvakse tre.



Kor mange som var med ryddeaksjonen er vanskeleg å seie, men det var mange. I helga starta også flytegarnsesongen og mange har vore ura over korleis det blir med fisket med så mykje rusk og rask i vatnet. Men aksjonen laurdag betra i alle fall mykje på situasjonen, og det er sikkert lenge sidan det har vore så ryddig langs strendene som no.

 

Denne grana har segle på Jølstravatnet sidan rasa gjekk. Laurdag måtte den på land.
På Huus var Nils Huus, Jorun Anreasen og Knut Huus i sving med å hente opp rekved.
Johannes Årdal og mora, Kari Gjelsvik, brukte båt for å slepe denne rota eit stykke.
på Myklebust var denne gjengen og nokre til i sving. f.v.: Leif Arne Åsen, Helge Myklebust,Ole Johan Hegrenes og Magnus Dvergsdal. Foto: Iren Dvergsdal
Det var mykje slags utstyr i sving. I årdalen møtte vi Sofie Årdal som brukte ein ATV for å dra opp ei rot. Broren Johannes såg til at det gjekk rett føre seg.