– La mobilen liggje i fred og nyt køyreturen saman med familien. Stress ned og følg med på vegen, slik at vi alle får ein hyggeleg førjulstid, seier kommunikasjonssjef Camilla Skake i NAF.

– Stress ned og legg bort mobilen når du skal køyre heim til jul


Stress ned, la mobilen liggje og pakk julegåver og anna trygt i bilen, er oppfordringane frå Trygg Trafikk og NAF før den store juleutfarten.



Fredag og laurdag blir store utfartsdagar før juleferien.


Eit aktivt forhold

– Vi ber folk som skal på farta å ha eit aktivt forhold til veg- og føremeldingane. Planlegg turen din og sjekk meldingar undervegs. Gjer ditt for ein sikker og smidig trafikkavvikling. Vi vil ha alle trygt fram og tilbake denne jula òg, seier Birte Roverudseter i Statens vegvesen.


På vegvesen.no finn ein trafikkmeldingar med oversikt over kødanningar, hindringar og anbefalte omkøyringsvegar.


Fredag morgon blir det meldt om kolonnekøyring på grunn av uvêr over både Haukelifjell og Hardangervidda. Sognefjellet stengde for vinteren tidlegare denne veka.


– Ikkje ta med deg julestresset inn i trafikken. Pust med magen og fokuser på vegen. Ei ulykkesfri jul er viktigare enn å spare nokre sekund, siger fagsjef Tori Grytli i Trygg Trafikk før folk set seg i bilane for å køyre heim til jul.


Pakkar


Når bilen skal fyllast med julegåver og bagasje, kan det få alvorlege konsekvensar dersom ein ikkje pakkar bilen skikkeleg.


– Lause gjenstandar i bilen kan rett og slett få dødelege konsekvensar. Ved ei ulykke eller bråstopp blir slike gjenstandar livsfarlege. Sørg derfor for at ting som iPadar, mobiltelefonar, drikkeflasker og anna ikkje ligg laust inne i bilen. Lause gjenstandar blir lagt i hanskerommet eller under setet, seier Grytli.


SMS


Ikkje svar på tekstmeldingar mens du køyrer, er oppfordringa frå NAF.


Brukar du 23 sekund på å skrive ein kort SMS, køyrer du over ein halv kilometer utan å fokusere på vegen når farten er 80 kilometer i timen.


Frå nyttår kan ein få to prikkar i førarkortet om ein bryt mobilforbodet under køyring.