Jan Asle Rustøen er klar for sin tredje sesong som trenar for Sandane turn- og idrettslag sitt damelag i fotball. Arkivfoto.

STIL-damene satsar for fullt

Fleire damelag i fylket klarer ikkje å stille lag på seniornivå, men på Sandane er ein i full gang med oppkøyringa til sesongen. 







– For STIL sin del ser spelartalet bra ut,
og vi har god breidde i dei aldersbestemte laga. Vi risikerer ikkje å få for få
spelarar slik det ser ut no, fortel trenar Jan Asle Rustøen.





Endra spelarstall





– Sjølv om vi ikkje har problem med å
stille lag, har spelarstallen hatt ei nesten total utskifting dei siste åra.
Dette er det tredje året eg er trenar for laget, og berre to av spelarane i
årets tropp var med då eg starta, seier Rustøen.





 
Trenaren fortel at 3. divisjonslaget no består av tolv spelarar. Nedover
i aldersbestemt er det god breidde, men 2004 er eit spesielt stort kull med 14/15
spelarar som etter kvart vil kome inn i A-troppen.





  –
Vi har ei hospiteringsordning frå aldersbestemte lag; Fem spelarar derfrå får
delta på treningane til damelaget. Sett vekk frå at vi skulle hatt nokre eldre
spelarar, ligg laget godt an, hevdar han.





Ønskjer eldre spelarar





– Det er vaksne fotballinteresserte på
Sandane som har ei treningsgruppe. Vi inviterte dei til treningskamp i fjor i
håp om at det skulle vere så kjekt at somme ville satse høgare for STIL, men vi
fekk ingen fleire spelarar på den måten, seier Jan Asle Rustøen.





Han legg til at fleire trenarar veit om at seniorlaget gjerne vil ha eldre spelarar, og jobbar med det. Dei prøver å motivere fleire.





  –
Dersom nokon med fotballhjarte har litt lite å gjere på, er det berre å melde
seg til oss, smiler Rustøen.





Siktar seg øvst på tabellen





– I år har vi sett mål om topp tre-plassering.
Det er eit ambisiøst mål med tanke på alderen, men når ein har sett eit mål er
det mykje som kan skje. Vi har mange sterke spelarar.





 
Rustøen fortel at laget tok 2. plass under senior-krinsmeisterskap i
Førde i desember.





  –
Dei fleste spelarane i år er 16-17 år, så snittalderen er låg. Det vil påverke
kampar mot fysisk sterke lag, som Studentspretten og Førde. Der blir vi for
lette og må springe veldig mykje for å kompensere for fysikken.





 
Trenaren legg til at andre idrettsgreiner, som handball, tek mykje tid
no, og gjer at oppmøtet på treningane er labert. Frå mars går treningane for fullt.





Viktig med breidde





STIL er ein breiddeklubb, og legg vekt på
å ha eit tilbod til mange.





  –
Vi kan bli betre på å halde på dei eldre spelarane. Likevel jobbar vi med å
byggje eit godt miljø, og gi dei eldre spelarane eit større ansvar. Vi
motiverer spelarane ved å ha det kjekt på trening, seier Rustøen.





  –
I fjor reiste vi til Spania på treningsleir, og hadde ei fin treningsveke der.
Vi satsar på å fortsetje med det, om interessa er til stades. Eg bruker gjerne
ei ferieveke på det, om det kan vere med på å motivere spelarane, fortel Jan
Asle Rustøen.