Foto: Ola Bergheim.

To nye juniorrekordar til Julia

Under eit stemne på Byrkjelo søndag, testa vektløftaren Julia Jordanger Loen forma før Junior-NM på Vigrestad komande helg. Det gjekk svært så bra.

Ungjenta, som representerer Breimsbygda IL, sette like godt to nye noregsrekordar i junior klasse 64 kg.

I støyt forbetra ho rekorden sin frå 94 til 97 kg. I rykk løfta ho 75 kg, ein kg mindre enn personleg rekord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samanlagt vart det dermed ny personleg rekord og noregsrekord med 172 kg.