André Aske Granheim (f.v.), Hallvard Bjotveit, Oliver Skinlo Evebø og Hanna Pleym Mardal er fire av ni instruktørar for STIL sitt sommartilbod; Supersommar. Sportsleg leiar i STIL, Ingmar Sægrov (t.h), er initiativtakar bak prosjektet.

STIL inviterer til Supersommar

Kvar laurdag denne sommaren inviterer STIL fotball alle unge mellom 7 og 17 år velkomne til Idrettsparken på Sandane for gratis fotballaktivitetar.

STIL fotball søkte Gjensidigestiftinga om støtte til aktivitetstilbod for born og unge, og fekk løyvd 100 000 kroner til prosjektet Supersommar.

Leik og trivsel

Kvar laurdag føremiddag gjennom heile sommarferien skal klubben arrangere sommarskule i Idrettsparken. Fotball spelar hovudrolla, men det vil ikkje vere ein tradisjonell fotballskule med treningar slik ein kjenner den.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lagt opp til mykje leik og spel, der trivsel og fotballglede sit i høgsetet.

Sportsleg leiar i STIL, Ingmar Sægrov, har som mål å «ta tilbake løkka».

– Eg ser ofte ungar som møter opp på bana, men som reiser etter ein halvtime. Det trur eg er fordi dei ikkje torer å spørje andre som spelar fotball, seier han.

Inkludere

Han trur det er mange som kvir seg til å vere med om ein kjem åleine til fotballbana.

– Det kan vere litt skummelt å henge seg på i spelet om ein ikkje kjenner dei andre eller miljøet. Det har vi lyst å gjere noko med. Vår jobb blir å organisere det uorganiserte, konstaterer han.

Det er inga påmelding eller krav til medlemskap i klubben, og det er ope for alle, heilt frå dei som elskar fotball til dei som berre er litt nyfikne.

– Det blir ein del turneringar, sjølvsagt, men mest leik. Ein kombinasjon av leikane på 17. mai og ei fotballtrening, smiler han.

Unge lærar unge

Med seg på laget har Sægrov fått ni ungdomar som skal legge til rette for dei gode opplevingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oliver Skinlo Evebø går på idrettslinja på Firda vidaregåande skule, med fotball som fordjuping, og er ein av instruktørane som skal vere med kvar laurdag for å rettleie og aktivisere dei unge. Han gleder seg til å ta fatt på sommarjobben.

– Det er ei veldig bra moglegheit for å drive med noko vi likar, eg trur det vil bli kjekt, seier Oliver og får støtte frå medinstruktør Hallvard Bjotveit:

– Det er så nær eg kan kome akkurat no, til å leve av fotballen, smiler han.

Få med ungdomen

Det er eit vidt aldersspenn med opning for alle mellom 7 og 17 år, og Sægrov håpar og trur at dei får sjå unge i alle aldrar på fotballbana den første laurdagen.

– Eg ser at det meste av fritidstilbod som er tilgjengeleg i kommunen i år er retta mot dei yngste. Det er lett å gløyme ungdomen opp i det her. Difor har vi lyst å få med alle, og har lagt opp til mellom anna fotballtennis og måling av skothastigheit som nokre av aktivitetane, utdjupar Sægrov.

Positivt for klubben

Han meiner tilbodet er ein vinn-vinn-situasjon for klubben.

– Vi får vere med å gje born og unge eit tilbod i ferien, samstundes som ungdom i 17-18 års-alderen får ein artig og lærerik sommarjobb. I tillegg får instruktørane ei trenarutdanning i regi av fotballkrinsen. Kanskje kan dette rekruttere fleire unge trenarar i klubben, seier han.