Sigrid Heien Hansen imponerer i Vålerenga-drakta.

Sigrid med draumescoring i cupen

Sandane-jenta Sigrid Heien Hansen blei matchvinnar for Vålerenga i NM-kvartfinalen mot Stabæk på Nadderud i Bærum onsdag.

Og for ei scoring det var! Ho fekk stå heilt upressa på 25 meter og klemte ballen inn via tverrliggaren til 2-1-leiing for Oslo-laget.

Det blei også sluttresultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig herleg. Eg har øvd på skot heile veka og hadde bestemt meg. Med glatt bane ville det anten bli mål eller retur. Det var berre å klinke til. Eit draumetreff, sa Heien Hansen til VG etter kampen.

– Ei vanvitug scoring, uttala NRK-ekspert Morten Morisbak Skjønsberg.

Allereie søndag kan det bli meir jubel for Heien Hansen og dei andre Vålerenga-spelarane.

Då ventar Arna-Bjørnar på Intility Arena i siste runde i Toppserien. Med siger der vil «Enga» etter alt å dømme sikre sin første seriemeisterskap på øvste nivå i norsk kvinnefotball.