Sport: Så rullar fotballen i 4. divisjon igjen. Sandane skal ha heimekamp mot Jølster fredag kveld. – Det vert veldig kjekt med lokaloppgjer, så eg reknar med at det kjem mykje folk, seier Ole Martin Eide, hjelpetrenar for Jølster.

Sandane ute av Norway Cup

Sandane sitt smågutelag G-14 spelte mot Langhus onsdag, og tapte kampen tapte kampen 3-1.
– Det var to jamne lag. Bana var dårleg og ballen spratt feil veg. Vi hadde rett og slett ikkje flaksen på vår side, fortel Sandane sin lagleiar, Odd Harald Halse.
Han seier at Sandane møtte eit lag som spelte jamt og var gode. Langhus fekk eit tidleg mål på eit frispark, 1-0. Rett før pause klarte dei å få inn enda eit mål mellom stengene, 2-0. Sandane var godt med i kampen, men klarte ikkje å få ballen i nettmaskene. Så fekk spelarane frå Sandane 3-0 mot seg, og då vart det tungt for dei unge spelarane. Mot slutten fekk Sandane straffespark og Iver Heen Ask reduserte til 3-1. Etter dette målet fekk Sandane ny giv. Men tida var for kort til at dei fekk gjort noko meir, så det vart med det eine målet til Sandane i kampen.

Les meir i papirutgåva.

Både smågutelaget (biletet) og gutelaget til Sandane rauk ut av Norway Cup på onsdag. Men dei har all grunn til å vere nøgde med innsatsen i verdas største fotballturnering.