F.v. Peter Wilke, Eirik Hovstad og Runar Gåsemyr.

Runar avgjorde i siste sekund

GHK-herrane møtte Årstad i Haukelandshallen søndag ettermiddag.

Det blei ein skikkeleg thriller, der heimelaget stilte med dei tre tidlegare GHK-spelarane Peter Wilke, Eirik Hovstad og Runar Gåsemyr i lagoppstillinga.

Glopparane leverte ein solid 1. omgang og leia 19-15 ved pause.

I 2. omgang kutta heimelaget sakte, men sikkert ned på dei raudkledde si leiing, og etter 19 minutt stod det 25-25 på lystavla.

Nimrod Isaac-Habtemariam såg ut til å ha berga eitt poeng for bortelaget då han utlikna til 30-30 tolv sekund før full tid, men Runar Gåsemyr ville det annleis. Han sikra Årstad begge poenga med scoringa si i det siste sekundet av kampen.

Isaac-Habtemariam blei toppscorar for GHK med ni fulltreffarar, Gåsemyr nådde same tal for Årstad.

Laurdag tapte GHK 33-28 borte mot Stord 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

GHK ligg på 10.-plass på tabellen med fire poeng etter ti kampar. Florø og Eid ligg på plassane bak med høvesvis to og null poeng.

Kampfakta

Årstad - GHK 31-30 (15-19)

3. divisjon herrar

Haukelandshallen

GHK: Elias Gloppestad Solberg, Nimrod Isaac-Habtemariam (9 mål), Vegard Hovstad (4), Jonas Aagaard Arnestad (2), Arne Osnes Devik (1), Vegard Elvebakk Engeset (1), Thomas Niiranen Hamre (2), Mathias Lothe (3), Ørjan Horne Sundal (8).

Ingen utvisingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dommarar: Espen Nilsen og Kjell Martin Gilleshammer.

Kampfakta

Stord 2 - GHK 33-28 (19-16)

3. divisjon herrar

Stordhallen nye

GHK: Elias Gloppestad Solberg, Nimrod Isaac-Habtemariam (4 mål), Vegard Hovstad, Jonas Aagaard Arnestad, Arne Osnes Devik (1), Vegard Elvebakk Engeset, Thomas Niiranen Hamre (5), Mathias Lothe (4), Mika Johan Hillersøy Dahle (2), Ørjan Horne Sundal (12).

Utv.: Stord 2 4x2 min., GHK ingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dommarar: Espen Nilsen, Harry Stikholmen.