Jølster Handbakklubb: Framme f.v.: Runar Berg, Jørn Kjelsnes Frivik, Ottar Berg, Tom Erik Berg, hovuddommar på stemnet. Bak f.v.: Jan Erik Sunde, Jakob Endestad, Marco Lyngstad og Roy Svalheim.

Medaljedryss for sterke jølstringar

Jølster Handbakklubb kunne pakke med seg tre gull og to sølv i bagasjen etter Hardanger Open.

Jølster Handbakklubb deltok med sju utøvarar og éin dommar på Hardanger Open laurdag 18. mars. Jørn Kjelsnes Frivik og Ottar Berg vann begge sine respektive klassar.

Fem medaljar

Jørn Kjelsnes Frivik kapra førsteplassen i både venstre hand sitjande og i ståande open handikapklasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ottar Berg tok gull i venstre, og sølv i høgre hand grandmaster under 100 kg. I tillegg til si eiga vektklasse, kan alle deltakarar delta i næraste klasse over, og her tok Berg sølv i venstre grandmaster i klassa over 100 kg.

Konkurransen i helga var første stemne for året med utøvarar frå Noreg, Sverige, Latvia, Sveits og Ukraina.

Jølster var òg representert i dommarkollegiet, med Tom Erik Berg som var ein av hovuddommarane på stemnet.

Slik vart resultatlista for jølstringane:

Runar Berg: Nummer 4 i venstre/høgre junior under 85 kg. Nummer 9 i venstre/høgre senior under 85 kg.

Jørn Kjelsnes Frivik: Nummer 1 i venstre sitjande og ståande open handikapklasse.

Ottar Berg: Nummer 1 i venstre, nummer 2 i høgre grandmaster under 100 kg. Nummer 2 i venstre grandmaster over 100 kg.

Jan Erik Sunde: Nummer 4 i høgre, nummer 5 i venstre senior under 75 kg.

Jakob Endestad: Nummer 11 i venstre, nummer 13 i høgre senior under 100 kg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marco Lyngstad: Nummer 9 i venstre, nummer 16 i høgre senior over 110 kg.

Roy Svalheim: Nummer 5 i venstre, nummer 6 i høgre grandmaster over 100 kg. Nummer 6 i venstre, nummer 7 i høgre master over 100 kg.