Mathias Reksten Dale.

Mathias er beste 17-åring i Sogn og Fjordane nokon gong

Mathias Reksten Dale støytte kula 14,91 meter på eit stemne på Byrkjelo tysdag. 17-åringen er dermed kvalifisert til senior-NM i september.

Med dette resultatet er Reksten Dale beste junior og nummer seks på seniorstatistikken i Noreg dette året, melder Ola Bergheim i Breimsbygda IL.

Ungguten er også den beste 17-åringen gjennom tidene i gamle Sogn og Fjordane fylke både med 5-, 6- og 7,26 kg tunge kuler. Dei tre kulene er normalkuler for høvesvis G17, G18-19 og senior.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også på landsstatistikkane over Noregs beste gjennom alle tider hevdar kasttalentet frå Breim seg godt.

Han er no 3. beste 17-åring med 6 kg kule og 10. beste 17-åring med seniorkule.