Klart for nytt storarrangement på Sandane

KM futsal i aldersbestemte klassar vert arrangert på Sandane laurdag 4. og søndag 5. mars.

STIL er teknisk arrangør og har med åra fått stor rutine i å legge til rette for det som er eitt av dei største idrettsarrangementa i distriktet vårt.

Kvalifiseringa til sluttspelet KM futsal skjedde for ein månad sidan. Det er i alt 105 lag som no set kvarandre stemne på Sandane. Arrangørklubben STIL er godt representert med åtte lag som er kvalifiserte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sandane sine 13-årsjenter skal først i elden laurdag føremiddag, og sidan går det slag i slag til relativt sein kveld med kampar.

Laurdag er det både jente- og gutelag i aksjon i 13- og 15-årsklassa, samt G19, medan søndagen er sett av til 14- og 16-årsklassene, samt dei eldste jentene (J19).

Trivselshallen har vist seg å vere ein god arena for dette arrangementet, og STIL har eit stort apparat i sving for å sørge for at gjestande lag og publikum får gode opplevingar under Sandane-besøket.