Jon Rolf skal gå verdscup

Hyaren Jon Rolf Skamo Hope er teken ut til verdscupavslutninga i langrenn i sveitsiske Engadin komande helg.

Skiforbundet har teke ut totalt 19 utøvarar, ti kvinner og ni menn til avslutningshelga.

Mennene skal gå 15 km klassisk laurdag og 50 km jaktstart fristil søndag.