Jon Rolf Skamo Hope tok ein ny 4. plass i Beitosprinten i dag.

Glimta til med ny 4. plass

– Det var litt kjedeleg at pallen rauk i dag også, men eg er likevel svært godt nøgd med eige løp, seier Jon Rolf Skamo Hope, etter at han tok ein ny 4. plass i Beitosprinten søndag.

I dag gjekk han inn til ein knallsterk fjerdeplass på 15 km friteknikk. I går fekk han same plassering på 15 km klassisk.

Kjempa om pallen

– Eg hadde eit tidleg startnummer både i dag og i går. Dermed er det litt vanskeleg å vite korleis ein ligg an undervegs. Kroppen fungerte fint, og eg fekk ut det eg var god for. På siste runde var det moro å få melding om at eg kjempa om pallen begge dagane. Det gav inspirasjon, fortel Jon Rolf.

Då han passerte målstreken i dag, leia han førebels løpet.

– Sjølv om det ikkje vart pallplass, er eg godt nøgd. Eg slo mange av dei som er på landslaget. Det viser at eg har tatt eit steg opp. Det er dette eg trenar for, og då er det godt å føle at ting fungerer. Ekstra kjekt er det å prestere godt i sesongopninga, seier hyaren.

Overraska seg sjølv

Jon Rolf Skamo Hope kan skilte med fleire verdsmeister-titlar som junior. Dette er tredje året han konkurrerer på seniornivå.

– Første året var prega av sjukdom. Eg sleit med både kyssesjuka og astma. I fjor fekk eg skuldra ut av ledd to gonger i løpet av sesongen. Eg har hatt litt stang ut dei to første åra som senior, seier han.

I oppkøyringa til årets sesong har han gjort det godt på fleire testar.

– Eg har skjønt at noko var på gang, men at det skulle halde til to så gode plasseringar, hadde eg ikkje venta. Eg er litt overraska sjølv, innrømmer han.

U23-VM er målet

22-åringen har fått trena godt i oppkøyringa til sesongen, og føler at alt har gått på skinner.

– Kva mål har du sett deg?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein veit ikkje heilt kva ein går til, men først og fremst ønskjer eg å kvalifisere meg til U23-VM. Eg håpar eg får delta i world cup på nasjonal kvote viss det blir det i Noreg, seier han, som nett no er inne i diskusjonen om world cup-plass allereie komande helg.

– Det er alltid diskusjonar rundt dette med uttak, og det er fleire utanfor landslaget som gjorde det godt i helga, peikar han på.

Trivst på Beitostølen

Siste tre åra har Jon Rolf budd på Beitostølen. Her ligg alt vel til rette for trening på snø.

– Eg trivst svært godt her. Løypene er kjende, og eg gjekk nærast på heimebane i helga, seier han.

Jon Rolf er på regionlaget vest, som etter sponsorskifte har fått namnet Elon Vest. På dette laget er det ni gutar og tre jenter, og Eivind Arne Bjaaland er fast tilsett som trenar.

– Eg må gje ros til trenaren min. Han har følgt meg heile vegen etter at eg blei senior. Vi kjenner kvarandre godt, og har eit godt samarbeid, seier Jon Rolf.

– Veldig stas

– Korleis er det å vere toppidrettsutøvar i ei tid med korona?

– Vi lever som normalt. I vinterhalvåret lever vi nær sagt i sjølvpålagt isolasjon, men det er spesielt når mange arrangement blir avlyst. I helga var det så vidt vi fekk kome inn til smørjarane, og området på stadion var oppdelt i soner. Det var godt å kunne gå eit skirenn igjen. Det var lenge sidan sist, peikar han på.

Etter Beitosprinten har han fått gode tilbakemeldingar frå alle kantar.

– Det er veldig stas. Det er moro at så mange følgjer med. Det verkar som det er ein del hyarar som har vore benka framfor fjernsynet i helga, seier han, og gler seg over alle tekstmeldingane han har fått.