Illustrasjon Per Gunnar Stensvaag.

Spleis, splitt og hersk

Lesarinnlegg av Per Gunnar Stensvaag:

Regjeringa Solberg går Kirsten Giftekniv ein høg gang kva gjeld spleising. Samanslåing av det meste mellom himmel og jord har vore gjennomgangsmelodien under Erna sitt styre. Nedlegging av militær- og heimevernsavdelingar, flystasjonar, lokalsjukehus, tinghus, trafikkstasjonar, politikammer, lensmanns-, pass-, NAV- og skattekontor osb. bidreg til ei sentralisering som vanskeleg kan verta tolka som anna enn ynskja utvikling av dei blå-blå. Veg i vellinga gjer dei også med overkøyringa av folkeviljen i kommunar og fylke. Der lokking og luring, tvilsame gulrøter og utilbørleg press ikkje har vore nok, har dei i alt for mange tilfelle nytta rein skjær tvang. Som vikarierande argument for reformer som snarare tappar felleskassa for milliardar, dekker dei seg attom påstått effektivisering og rasjonalisering.

Det meste lyt altså vera stort for også å vera «robust», eit ord som vert meir og meir forslitt for kvar gong nokon lirar det or seg. Landet vårt lir av både reformpsykose så vel som gigantomani. Dei to omgrepa kunne snart ha vorte oppfatta som synonym om det ikkje var for at flisa vert snudd på einskilde område. Ut i frå sin struktur er det organisasjonar det er meir nærliggande å tru, gjeve same resonnement, stod seg best på å hengja i hop, men som likevel vert splitta. Kor «robust» vert til dømes det som eingong var Noregs Statsbaner etter omfattande fragmentering?

Ein kommune er per definisjon eit mindre administrativt område. Ordet kjem av fransk «commune». Det vart til under den franske revolusjonen, men opphavet er latin og tyder felles. Dei to fylkeskommunane Troms og Finnmark har det til felles at dei båe er så langt frå Oslo at makthavarane umogleg kan ha fått med seg kor enorme avstandane vert også innad i ein tvangssamanslegen region. Otta for at det vert ein direkte dysfunksjonell eining, er difor høgst reell. Frå Lesja til Eidskog er det òg veldig langt i «Innlandet». Det vert arealmessig faktisk over dobbelt så stort som «Viken», som forståelig nok er eit allment latterleggjort fylkeskommunalt misfoster. Tragisk er det også at suksessfylket Sogn og Fjordane, sjølve utstillingsvindauget for smådrift, forsvinn inn i «Vestland».

På det lågaste forvaltningsnivået vert det no danna ei rekkje konstruksjonar som ikkje oppfyller definisjonskravet til å kunne kalla seg kommune. Minste felles multiplum for Vågsøy og Flora er at dei båe har anløp av hurtigruta. Geografisk er dei plasserte i høvesvis Nordfjord og Sunnfjord, er utan felles grense, har historisk hatt relativ lite samkvem og det er ti mil på svingete vegar pluss ein halvtimes ferjereise mellom dei to kommunesentera. Likevel vert dette frå 1/1-20 til «Kinn kommune». Språkøyret lyt vera særs kleint om ein ikkje straks høyrer at noko skurrar. «Kinn» er eit vent namn, men brotet på korrekt terminologi ved bruken av ordet «kommune» bør få språkrådet til å gripa inn.

Apropos Språkrådet! Dei får oss attende på skinner! Som folk flest var dei særs misnøgde med endringa av namn frå NSB til Vy. Ja, kva er vitsen med å søla bort hundrevis av millionar på slikt tøv? Kan det vera ein medveten strategi i å fjerna «stat» i selskapsnamn slik også Statoil vart til Equinor? Det er ikkje lett å halda orden korkje på alle nye namn eller talet på firma som er utskilde frå det eingong så stolte jernbaneselskapet. Nyleg vart det kjend at over 1000 tilsette i vedlikehald lyt forlata Bane Nor med den usikkerheit det fører til for dei om arbeidsstad, -vilkår, løn og pensjon. Det einaste som førebels er bombesikkert, er at dei med nyskapningen «Spordrift» får nok ein direktør med ei dryg dobbel millionløn.

Medan det vert danna «kommunar» som korkje heng på greip eller saman, vert altså jernbaneselskapet som er samanvevd av skinnegangen sin, delt i bitar. Røynslene med sistnemnde prosessar frå elles i verda er vel ikkje akkurat udelt positive, og vår heimlege Oslo Sporvegar reverserer klok av skade oppsplittinga av seg sjølv. Kommunereforma vert pressa gjennom til tross for at undersøkingar syner at tilfredsheita med tenestene i stor grad er omvendt proporsjonal med storleiken. Dessutan er den norske gjennomsnittskommunen i internasjonal samanheng stor allereie i utgangspunktet både i areal og innbyggjartal. Paradoksa står i kø. Under denne regjeringa er Noreg i ferd med å verta det reine bakvendtland.

Finst det så ein fellesnemnar som forklarer kvifor det som er best som smått, skal verta stort og vise versa? NHO har vore regjeringa sin fremste våpendragar kva gjeld å desimera tal kommunar. Ja, dei ville jamvel gå endå lenger enn Erna, Sanner og Mæland med eit mål om skarve 77. For NHO verkar lokaldemokrati å vera ein bagatellmessig salderingspost om det hindrar ein for dei mykje viktigare agenda; konkurranseutsetting og privatisering av offentlege tenester, eit kjernepunkt også i politikken til partia dei så rundhanda gjev pengestøtte til. Større marknader gjev betre moglegheiter for profitt. Heilt utilslørt vart dette uttrykt av Petter Furulund, leiar for NHO service: «Små kommunar gjer det vanskelig å tena pengar på å driva velferdstenester».

Eureka! Der har vi det. «Stat» i namnet høver dårleg når det eigentlege målet er privatisering, og konkurranseutsetting har vi allereie fått på det norske jernbanenettet. No er det til dømes eit britisk selskap, Go-Ahead, som skal trafikkera Sørlandsbanen, marknadsført under ei anna språkleg perle; «Sørtoget». Kva vert det neste? Kinesarar på Flåmsbana?

Gjennom høvesvis samanslåingar og oppdelingar vert det altså på kvar sin kant opna for meir privatisering og konkurranseutsetting. Politisk makt forsvinn frå periferien til meir sentrale strok og pengemakta frå fellesskapet til kapitalen. Sittande styresmakter freistar å lura oss med fine ord som nærpoliti, nærdemokrati og jernbanereform for hensiktsmessig styringsstruktur. Meir passande hadde det vore om dei flagga parolen «Spleis, splitt og hersk!»