Statsminister Erna Solberg opna påskesentralen hos Røde Kors. Generalsekretær i Norges Røde Kors, Bernt G. Apeland og Erling Nygaard viste statsministeren kva sekken bør innehalde for ein skitur på fjellet. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Solberg si påskeoppfordring: – Følg fjellvitreglane

Etter ein utfordrande skredvinter med uvanleg mange dødsfall, maner statsminister Erna Solberg til vit og aktsemd i påskefjellet.


Fredag opna statsministeren formelt påska og hjelpeorganisasjonen Røde Kors sin påskesentral i Hausmanns gate i Oslo. 1.200 frivillige frå 150 vaktstasjonar rundt om i landet er sette i beredskap for å passe på påsketuristar i fjellet, i tillegg til dei 2.000 frivillige som er på alerten døgnet rundt heile året.


Trass i iherdig innsats frå frivillige og helsepersonell har elleve menneske mista livet i skredulykker så langt i år. Det er det høgaste på ni år, og framleis står halvparten av april att, som dei siste åra har vore verstingmånad for skreddødsfall.



Skremmande

– Det er ei skremmande utvikling, både når det gjeld talet på skred og talet på dødsulykker, seier Solberg til NTB.


– Dette understrekar kor utruleg viktig det er at folk er klar over at fjellet kan vere farleg. Sjølv om du er veldig fjellvant, er det for augneblinken vêrforhold i Noreg som har gjort at det blir utløyst mange skred. Vi kan få meir forandringar i forholda i fjellet på grunn av klimaendringane som går føre seg, held ho fram.



Dreg til varmare strøk

Statsministeren sjølv skal ikkje på tur i påskefjellet og pakkar i staden med seg badedrakt for ein ferie i varmare strøk. Ho har likevel eit klart råd til dei som planlegg å prøve seg på toppturar i påskesola:


– Det aller viktigaste er å faktisk følgje fjellvitreglane. Det er ikkje berre ein morosam sketsj på TV i påska, dette er viktige råd, seier ho.


– Lytt til vêrmeldinga, og hugs at det er inga skam å snu. Om du skal gå til ein topp, og vêret ikkje tillèt turfølgjet ditt å rekke den toppen, vel heller å snu. Det viktigaste er ikkje å få alle toppane inn i toppboka, men at ein kjem trygt tilbake til hytta si, seier Solberg. (©NPK)