Fylkesvegen mellom Hyen og Storebru.

Sogn og Fjordane vil ha fylkesveg-oppgåver



Vegvesenet har uttrykt skepsis til å overføre administrasjonen av fylkesvegane til fylkeskommunane, men fylkesutvalet i Sogn og Fjordane trur det blir kjempebra.


Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane helsar i ei fråsegn oppgåveoverføringa velkommen og peikar på at heilskapsansvar for vegane vil styrkje samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunen og gi rom for å sjå oppgåver og verkemiddel i samanheng.


Stortinget har allereie vedtatt at fylkeskommunane frå 1. januar 2020 skal overta ansvaret for utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. I dag er det dei regionale vegkontora i Statens vegvesen som tar seg av dette.


– Vi forventar at regjeringa følgjer opp vedtaket i Stortinget om overføring av oppgåver, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).


Vegdirektoratet karakteriserer i ein rapport som etaten la fram i mai, ansvarsoverføringa som "krevjande, men mogleg" og tilrår at spørsmålet blir greidd ut vidare. Rapporten er no ute på høyring.


Følling er einig i at overføringa er krevjande og krev utgreiing av mange spørsmål, men meiner at rapporten gir godt grunnlag for å overføre oppgåvene til fylkeskommunane.


– Samtidig ber rapporten preg av for mykje problematisering av overføringa utan å ta omsyn til positive verknader. Fylkeskommunane er store organisasjonar med høg kompetanse på mange felt og vil føre vidare oppgåvene på ein god måte, seier Følling.


– Forslaga vil bidra til utvikling av demokratiet på lokalt nivå, seier ho. (©NPK)