Nordfjord Folkemuseum. Arkivfoto.

Sogelaget gjev vekk samlingar

Musea i Sogn og Fjordane tek over bygg og samlingar til Nordfjord Folkemuseum frå Nordfjord Sogelag

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane underteikna 31. august avtale om å overta alle bygg og samlingar til Nordfjord Folkemuseum frå Nordfjord Sogelag. Overtakinga gjeld frå 1. september 2018 .

Sommaren 2017 tok Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane over samlingane til Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjennom ei samanslåing av dei to stiftingane.

No har Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane inngått avtale med Nordfjord Sogelag om å ta over alle bygg og samlingar knytte til Nordfjord Folkemuseum på Sandane frå og med 1. september 2018.

– Har ikkje nok ressursar og kompetanse

– Over ei tid har Nordfjord Sogelag vurdert korleis vi som eigar av bygg og samlingar ved Nordfjord Folkemuseum best kan sikre forvalting og formidling av samlingane. Eit viktig element i desse vurderingane har vore korleis sikre kompetent og framtidsretta drift. Nordfjord Sogelag er godt nøgd med korleis Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har drifta samlingane sidan stiftinga vart oppretta i 2009. Eit anna element har vore det store ansvaret som høyrer med til å eige antikvariske bygg og samlingar. Sogelaget har ikkje nok ressursar og kompetanse til dette. Det har Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og staben ved Nordfjord Folkemuseum. Vi er difor svært glade for at Musea i Sogn og Fjordane no tek over ansvaret og eigarskapen, seier leiar Sverre Folkestad i Nordfjord Sogelag i ei pressemelding.

– Er audmjuke og glade

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er svært nøgd med avtalen med Nordfjord Sogelag.

– Vi er audmjuke og glade for den tilliten vi er blitt viste av Nordfjord Sogelag, seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Dermed er to av samlingane til dei fem medstiftarane av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane overtekne av stiftinga. Dei andre stiftarane er eigarstyra til Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ønskjer på sikt å ta over ansvaret for bygga og samlingane til dei andre medstiftarane og arbeider for tida med å legge til rette for å dette.