Førde sentralsjukehus.

Sjukehus fryktar at akutt sjuke ventar for lenge med å ta kontakt



Fleire sjukehus har færre innleggingar av pasientar som treng akutthjelp for andre sjukdommar enn korona-plager og fryktar at folk vegrar seg for å ta kontakt.


– Det er ein fallande kurve. Vi merkar at vi har fleire ledige sengeplassar. Det tek vi som eit varsel om at noko er i gjære, seier overlege Guri Hagberg på seksjon for hjerneslag ved Ullevål sjukehus til NRK.


Sjukehuset har det same tilbodet til akutt sjuke pasientar som før.


Klinikksjef for medisin ved Sjukehuset i Østfold, Volker Moræus Solyga, trur mellom anna at mange ikkje vil belaste helsevesenet eller er redde for å bli smitta av koronaviruset.


– I tillegg kan det spele inn at mange er heime og tek det med ro. Då kan det hendet nokre sjukdommar ikkje blir forverra på same måte som elles, som til dømes lungesjukdommar.


St. Olavs hospital i Trondheim er òg bekymra for at folk som verkeleg treng hjelp, vegrar seg for å ta kontakt. Sjukehuset understrekar at dei har god beredskap og kapasitet.


(©NPK)