Home   >   Nyhende   >   Sju nye reisemål heidra for berekraftig satsing

HEIDRA FOR BEREKRAFTIG SATSING: Sju reisemål fekk torsdag tildelt Merket for berekraftig reisemål. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Sju nye reisemål heidra for berekraftig satsing

Fem nye norske reisemål fekk torsdag tildelt Merket for berekraftig reisemål. I tillegg har to svenske reisemål for første gong fått merket.

Dei sju reisemåla føyer seg inn i rekkja av femten norske destinasjonar som arbeider systematisk for ei meir berekraftig utvikling i reiselivet, skriv Innovasjon Noreg i ei pressemelding.

Destinasjonane som torsdag fekk merket er: Femund Engerdal, Lindesnesregionen, Lillehammer, Lyngenfjorden, Lysefjorden og dei svenske skidestinasjonane Idre og Sälen.

– Grunnen til at dei svenske skidestinasjonane er med, er at dei er med i ei prøveordning for å sjå om den norske ordninga kan passe for dei svenske destinasjonane, seier seniorrådgjevar Mona Raa Ravndal i Innovasjon Noreg til Nynorsk pressekontor.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen synest det er gledeleg at så mange sluttar opp om berekraftordninga.

– Det store engasjementet rundt merkeordninga viser at norske reiselivsdestinasjonar tek berekraftig utvikling på alvor. Gjennom samarbeid med andre delar av næringslivet og kommunane, kan reiselivsnæringa på denne måten blir ein positiv bidragsytar til verdiskaping og arbeidsplassar, seier han.

Det er Innovasjon Noreg som har utvikla berekraftordninga for reiselivet. Gjennom ulike krav og kriterium kan reiselivet måla si eiga utvikling i arbeidet. For å behalde merket må reiselivsmåla visa ei positiv utvikling på ei rekkje område, skriv Innovasjon Noreg.

Til saman 15 reisemål har fått merkeordninga, og tolv nye reisemål har starta på det to år lange arbeidet med å kvalifisere seg for merket for første gong.

Dei femten destinasjonane som til no har fått Merket for berekraftig reisemål er: Trysil, Røros, Vega, Lærdal, Svalbard, Geilo, Setesdal, Inderøy, Femund Engerdal, Lyngenfjorden, Lindesnesregionen, Lysefjorden, Sälen, Idre og Visit Lillehammer. (©NPK)