Etter fleire år på sidelinja er Sigrid Heien Hansen på veg tilbake etter skade. Ho har vore ein nøkkelspelar for Kolbotn i Toppserien denne sesongen.

Sigrid har tatt kapteinrolla med glans

Sigrid Heien Hansen (23) frå Sandane satsar på fotball. No har ho lagt bak seg ein vårsesong som kaptein for toppserieklubben Kolbotn. – Eg har tatt meir ansvar og lært nye ting om meg sjølv, seier ho.


Vinteren 2017 signerte Sigrid Heien Hansen for Osloklubben Kolbotn. Etter nesten to år ute med skade, spelte Sigrid sin første kamp i november 2018. I mars i år vart ho kaptein for klubben, ei utfordring ho har tatt på strak arm. Laget har ikkje tapt på sju kampar, og tok sommarferie på 3.plass i Toppserien.

Stort ansvar

Sigrid trivast som kaptein og fortel at det følgjer med ansvar.

– Det har gått fint å ta rolla som kaptein. Vi har gjort det bra på bana og tatt med oss mykje poeng frå kampane i vårsesongen, så eg har fått ein bra start. Det hadde vore verre om det hadde butta skikkelig sportsleg sett. Eg føler eg har tatt nye steg som kaptein, spesielt utanfor fotballbana. Det har vore eit større ansvar på meg enn tidlegare, og eg har lært nye ting om meg sjølv som eg veks på.

Ho kan fortelje at ikkje alle sidene med det å vere kaptein er like komfortable.

– Eg må gje nokre beskjedar som er kjipe, noko eg ikkje har gjort før eg vart kaptein. I starten var det ikkje så komfortabelt å ta dei pratane, men no går det betre. Det er heldigvis sjeldan eg treng å gje slike beskjedar, men det skjer av og til.

Aukande interesse

Etter to år i Kolbotn med ein anna lagkaptein, visste Sigrid delvis kva ho gjekk til. Likevel har det vore sider ved kapteinsrolla ho ikkje var heilt førebudd på.

– Å vere kaptein har på mange måtar vore som forventa. Eg har visst kva klubben har kravd av meg, men det har vore meir utanfor bana, til dømes media, som eg har måtte stille opp på. Eg merkar at interessa for kvinnefotball aukar, og då er det eg som må stille opp for klubben. Det har vore litt meir interesse enn eg har trudd, fortel Heien Hansen.

Sigrid er glad i utfordringar og syns det er kjekt å styre laget. Ho syns naturlegvis det er kjekkast å vere kaptein når laget gjer det bra.

– Det er kjekt når vi vinn kampar. Dei gongane vi tapar, er det spesielt utfordrande å snakke med media. Då må eg gå føre som eit godt eksempel og gje gode svar, fortel ho.

På veg tilbake

Sigrid har vore mykje plaga med skader så langt i karrieren og har måtte smørje seg med tolmod. I november i fjor spelte ho sin første kamp for Kolbotn etter to år på sidelinja.

– Eg skal vere veldig forsiktig med å seie at eg er hundre prosent på veg tilbake, men det er klart at ein halv sesong med mange 90-minutterskampar er ein veldig god start etter eit langt avbrekk. Eg kryssar fingrane og er nøye med å gjere den jobben eg skal. Det er vanskeleg å seie at eg er tilbake for fullt, men det går i alle fall rett veg.

23-åringen nøler aldri i duellar og gjev alltid full innsats, noko som gjer at ho er utsett for skade.

– Tanken på å bli skada igjen er med meg i bakhovudet, men eg er ikkje redd for å bli skada når eg spelar. No har eg veldig lyst å ha ein sesong der eg spelar stort sett alt. Eg håpar den kjem, men eg veit at ting kan skje. Dei siste månadane har ting gått rett veg og eg er på veg tilbake.

– Kjekt at folk får opp auga

Under sommarens fotball-VM har Sigrid følgt nøye med. To av lagkameratane i Kolbotn var med i VM-troppen og gjorde det bra.

– Eg er veldig stolt over jentene. Det er kult å sjå at lagvenninnene har tatt med seg det vi har trena på i klubben vidare på landslaget. Eg vil like å påstå at Kolbotn har litt forteneste for nokre av måla under VM. Det er veldig bra for oss og kult for klubben. Vi er ein stor jenteklubb, så det er bra at alle dei yngre jentene i klubben ser at det er fullt mogleg å spele på Kolbotn og komme med på landslaget.

Sigrid meiner at sommarens verdsmeisterskap har halde eit høgt nivå, og ho syns det er kjekt at fleire følgjer med på kvinnefotball.

– Eg syns det er utruleg kult at Kontraskjæret i Oslo har vore stappfullt under Noreg sine kampar, og at landslaget gjorde det såpass bra. Gererelt har nivået under VM vore godt. Det er kjekt at folk får opp auga for innsatsen som blir lagt ned, og nivået som er der, det likar eg.

Sigrid fortel at det har vore ein liten bismak å følgje med på meisterskapet.

– Det vil vere løgn å seie at eg ikkje er litt misunneleg når eg ser spelarane eg har spelt på lag med i fleire år får sjansen i VM og ikkje eg, innrømmer ho.

Forsiktig med høge ambisjonar

Sigrid syns det er vanskeleg å setje seg høge mål, då ho har vore mykje plaga med skade.

– Når eg blir spurd om ambisjonar, er eg veldig forsiktig, for eg veit eg kan brenne meg på det. Eg har såpass tru på meg sjølv som fotballspelar, at om eg hadde vore skadefri, trur eg at eg hadde vore i VM-troppa. Det er klart at eg har ambisjonar om å spele for A-landslaget, men dei ambisjonane ligg på hylle nummer to.

Sandanejenta fokuserer no på klubbfotball, der ho har ei sentral rolle som kaptein på laget.

– Å kunne ha ein sesong for Kolbotn der eg leverer heile året er min prioritet no. Når eg snakkar med trenaren min, klubben og landslaget om mine ambisjonar akkurat no, så seier eg at det er å vere skadefri og å fullføre ein god sesong i Kolbotn. Det er lett å gløyme at eg på dette tidspunktet i fjor ikkje hadde spelt ein kamp på over eit år. Det er fort gjort å bli utolmodig og urealistisk, men eg trur nivået eg held i Toppserien, kan halde til ein landslagsplass. Det krev at eg held meg skadefri.