Samfunnet treng deg – oppdater CV-en din

Finst det ledige jobbar no?  Ja. Samstundes som vi er midt oppe i den verste krisa på arbeidsmarknaden nokon gong, finst mange ledige jobbar som må fyllast.

– Det er paradoksalt nok mangel på arbeidskraft innan fleire viktige samfunnsområde. Innanfor helse- og omsorgssektoren er behovet som kjent stort, men og andre næringar treng fleire hender no, fortel Kari Tonning, regionleiar for NAV i Nordfjord.


  • Næringsmiddelindustrien treng mange ulike operatørar i sine produksjonslinjer.

  • Daglegvarehandelen treng kassapersonell, varepåfylling og lagerhandtering.

  • Dei siste dagane har landbruksnæringa uttrykt stor bekymring for korleis dei skal få nok arbeidskraft til førebuing av sesong, og innhausting av bær, frukt og grønsaker.


– Dette er vitale samfunnsfunksjonar som manglar mange medarbeidarar som følgje av pandemien alt no. NAV har eit ansvar for å hjelpe til å finne naudsynt arbeidskraft til ledige stillingar, og du som arbeidsledig har eit ansvar for å vere med å løyse dette, seier Tonning.

Vi treng CV-en din no

– Dette er ein god sjanse for deg som er arbeidsledig eller permittert, men vi må vite kva du kan og kva du ønskjer, seier Kari Tonning.  Difor må du fylle ut ein kort CV og jobbprofil når du registrerer deg hjå oss som arbeidsledig eller permittert slik at dette vert tilgjengeleg for arbeidsgjevarane. På www.arbeidsplassen.no er ledige og bedrifter kopla saman på ein felles digital plattform. Her kan du som arbeidsledig søkje ledige jobbar, og arbeidsgjevar kan finne ledige kandidatar.

– Altfor mange hoppar over dette når dei registrerer seg på hos NAV. Du går glipp av ein jobbsjanse og arbeidsgjevaren finn deg ikkje. Som permittert frå jobben din, skal du truleg tilbake dit, men i mellomtida kan du bidra til å løyse viktige samfunnsfunksjonar gjennom mellombels jobb annan stad, oppmodar Kari Tonning. CV-en og jobbprofilen din kan du oppdatere fortløpande også etter at du har registrert deg hos NAV.

 

NAV-kontora i Nordfjord