Påtroppande barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) fekk tysdag nøkkelkortet til sitt nye departement. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Ropstad: – Ein stor dag for KrF



– Dette er ein stor dag for KrF, fastslo Kjell Ingolf Ropstad då han overtok nøkkelkortet til det nye departementet sitt.


Nøkkeloverrekkinga fann stad etter at dei nye ministrane var presenterte på Slottsplassen tysdag.


Ropstad slo fast at det er ein stor dag for KrF når partiet no går inn i regjeringa.


– Og så er eg glad for at vi har fått så godt gjennomslag i plattforma, la han til.


Frå avtroppande barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) fekk han både nøkkelkort og blomstrar.


– Vi kunne ikkje fått ein betre barne- og familieminister enn deg, sa ho.


I motsetning til Helleland vil ikkje Ropstad få ansvar for likestilling og saker som gjeld homofile, når han no overtek som minister. Derimot får han ansvar for trusspørsmål.


(©NPK)