Mange dugnadstimar er lagt ned av gjengen i styret i Jølster Samfunnshus. Dei var godt fornøgde med 51 frammøtte naturstigjengarar søndag. Framme f.v. Svein Heggheim, Aud Førde, Margunn Gåsemyr og Dag Førde. Bak f.v: Kåre Eide, Bente Seime, Alf Otto Førde og Magne Sunde (vaktmeister).

— Vil legge til rette for ein fin møteplass for bygdefolket

Jølster Samfunnshus på Skei har vore gjennom eit kraftig ansiktsløft dei siste åra. No er oppussinga ferdig, og eldsjelene som står bak håpar mange vil ta huset i bruk.

Det raude bygget ved sida av Skei skule vart bygd i 1959 på dugnadskraft og bygdeentusiasme. For å finansiere bygget vart det selt lutar både til privatpersonar og organisasjonar.

Lutelag

– Bygdefolket kunne teikne seg for B-lutar, enten ved å betale eller jobbe for å få ein del i lutlaget. I tillegg vart det lagt ut A-lutar for sal til organisasjonar og verksemder, seier styreleiar Svein Heggheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter eit storstilt dugnadsløft reiste det seg eit praktbygg i bygda, som vart opna av dåverande fylkesmann Nikolai Schei.

– På den tida var scena i samfunnshuset ein av veldig få scener her i området som var store nok til å ta i mot Riksteateret, fortel Heggheim.

Huset har samla bygdefolket i over seksti år, som her på ein raspekakefest, to år etter opning. Dette er eitt av mange fotografi som prydar veggane i kjellaren. Dei fleste bileta er tatt av fotograf, biletkunstnar og jølstring Elias Eide, og kjøpte inn etter at huset mottok ei minnegåve for nokre år sidan.

Samlingsplass

Bygget vart seinare utvida tidleg på 80-talet, og ny lutteikning kom på plass. I denne perioden var det stor aktivitet i huset, både med dansefestar og andre bygdearrangement. Det vart ein naturleg samlingsplass for bygda, og ungdomslaget var ein stor del av pådrivaren bak dette.

Sidan har det gått opp og ned, og før det nye styret tok over i 2009 var det berre nokre få personar som heldt liv i huset.

– Det var eldsjeler som dreiv huset, og det svinga veldig med engasjement, sjølvsagt. På slutten var det eigentleg berre éin person som dreiv det. Norvald Nedrebø har lagt ned mykje tid og krefter i bygget, og var vel stort sett åleine om det i fleire år.

Nytt styre

I samband med 50-års jubileet vart det teke initiativ til å få inn nye personar, og eit nytt styre vart valt, med Heggheim som leiar. Styret sette seg ned etter at jubileumsfeiringa var over, for å få ei oversikt over kva som måtte gjerast for å få bygdestova tilbake til gammal prakt.

– Vi sette opp over 100 enkeltpunkt med ting som måtte gjerast, frå smått til stort, seier styreleiaren.

– De vart ikkje motlause av arbeidsmengda?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eigentleg ikkje. Du skjøner, vi hadde med oss Kåre Eide i styret, og han er systematikar så det hyler etter. Han, ilag med tre andre i prosjektgruppa, sette opp ei prioritert trepunktsliste, som gjekk frå «skulle allereie vore gjort», «må gjerast» og til slutt «kunne gjerast», smiler Heggheim.

Kjellaren har vore gjennom den største forvandlinga, og både kjøkken og småsalen framstår nærast som nye. – For to veker sidan hadde vi ein barnedåp her nede, seier Svein Heggheim

Fekk avslag

Prosjektgruppa søkte om 750.000 kroner i samfunnshusmidlar frå det offentlege, men fekk avslag, med grunngjeving at det skulle brukast til vedlikehald. Det gjorde at dei måtte tenkje litt sidelengs, og prøve å få midlane frå andre kantar.

– Det har teke tid, men no er vi i mål. Vi har fått gjort alt på lista, men det tok ti år å realisere det. Totalt har vi brukt om lag 900.000 kroner til å ruste opp huset. Vi har spøta huset i hop på dugnad, seier Heggheim.

Pengane har dei fått litt etter litt, både frå lokalt næringsliv og privatpersonar, og i dag står huset ferdig oppussa, og utan gjeld.

– Det er fleire verksemder som har tatt kontakt og donert pengar til oss, fleire privatpersonar òg. Det fortel at samfunnshuset står ganske sterkt, trur eg.

Medlemskontingent

Etter nokre år måtte dei sjå seg om etter ein annan måte å organisere huset på, fordi lutlag ikkje lenger var lov for slike hus.

– Då måtte vi rett og slett be om godkjenning frå dei som sat med både A- og B-lutar, om å overta dei. Det var sjølvsagt ikkje noko verdi i desse lutane, men for at alt skulle vere formelt i orden, måtte det gjerast.

Dei valde å gjere samfunnshuset om til ein medlemsorganisasjon, der bygdefolket får moglegheit til å betale ein årleg kontingent. I dag er det 60 medlemer i Jølster.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi håpar å legge til rette for at huset er, og kan fortsetje å vere, ein fin møteplass for bygdefolket, ivrar Heggheim.

Sommarfest

Huset blir i dag leigd ut til både bryllaup, konfirmasjonar, dåp og møte. I tillegg brukar Dans Utan Grenser og Seniordans, lokala til dansekurs kvar veke.

Det låg an til eit godt år i år, med tanke på utleige, der mars månad var fullteikna kvar einaste helg. Så stengde Noreg ned, og alt stoppa opp. Samfunnshuset tapte om lag 30.000 kroner i løpet av vårmånadane. Med eit årleg budsjett på 100.000 er det mykje pengar.

No når landet har opna litt opp igjen, håpar dei at pila skal snu andre vegen, og har allereie hatt ein barnedåp i huset. Søndag arrangerte dei sommarfest med natursti og sal av kaffi, is og brus.

– Etter at koronaen sette ein stoppar for mange av aktivitetane denne våren, fekk vi lyst å skape litt aktivitet, og invitere bygdefolket med, fortel Svein Heggheim om arrangementet i helga.