Bekkane i fjellet kan fort bli mykje større når snøen smeltar. Foto: NVE.

Auka vassføring i bekker og elvar grunna varme

No stig temperaturen, og då smeltar snøen i takt. Dei neste dagane er det meldt høge temperaturar. Det vil dei merka i fjelltraktene i Sør-Noreg.

– Det er offentleg fridag på onsdag og nokon tek kanskje fri resten av veka. Derfor vel me å senda ut informasjon i god tid, slik at berørte kommunar kan planleggja for at det kan koma flaumvarsel inn mot helga, seier flaumvakt Seija Stenius i NVE i ei pressemelding.

– Det er viktig å understreka at det framleis er svært stor usikkerheit knytt til utviklinga. Rådet vårt er derfor å følgja med på flaumvarsla frå Varsom.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

500 meter over havet ligg det framleis snø, men det er altså vêret som bestemmer korleis flaumen utviklar seg. Slik det ser ut no, med både kalde og varme periodar, er det fullt mogleg at sideelvar kan få flaumnivå.

Kjem det mykje regn i tillegg til temperaturauken, kan dette auka risikoen for vårflaumar på gult, oransje eller raudt nivå. (©NPK)