Vel vekk Førde til fordel for Sandane
Han har jobba i månader når dei første juletrea kjem for sal. For første gong på fleire år tek Trygve Bolset seg av salet i Gloppen sjølv.
– Det gjeld å vere i rute, seier Trygve Bolset på Klakegg i Jølster.
I 15 år har han selt og levert juletre i Gloppen og Jølster. For han begynner jula så smått allereie om våren, når nye tre skal plantast ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
I år reknar han med å ha kring 1.300 juletre for sal.
Mykje jobb
Eit jamt og fint juletre kjem ikkje av seg sjølv. Trea må stellast, gjødslast og tynnast på dei rette stadane.
Når det kryp mot mørkare og kaldare dagar, kjem tida for merke trea og avtale salsstader med torgseljarar mellom Sunnmøre og Sogn. Frå månadsskiftet november-desember går det i eitt.
Då stiller gode naboar på for å hjelpe til med hogsten, fortel Bolset.
– Då skal mykje skje på kort tid. Då er det godt å hjelp, seier han.
Godt samarbeid
Rutinane sit godt, men litt er nytt når det kjem til årets juletresal.
Lions-klubben på Sandane har selt juletre for Bolset i fem år, men frå i år tek han sjølv over salet. Medlemmene i klubben blir eldre, og denne er i ferd med å bli lagt ned.
Bolset seier samarbeidet med klubben har fungert veldig godt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore kjempebra. Eg har berre mata dei. Dei har halde oppe salet, så det har fungert utmerka, seier Bolset.
Kundane vil ikkje merke noko særleg til endringa, utanom at dei i større grad kan kome med spesielle ønske for tre, som Bolset kan ta med neste dag. Han kjem til å kutte ut å selje juletre i Førde, for å kunne prioritere Sandane.
Mest edelgran
Bolset fortel at det er mest edelgran han sel, men også vanleg gran og serbergran.
Trendane endrar seg litt med tidene. Bolset merkar at fleire – og kanskje særleg dei yngre – pyntar treet tidlegare enn før, og hiv det ut tidlegare.
Dei som vil vere tidleg ute, kjem gjerne på tunet hans for å kjøpe tre. Alt rundt 1. desember ønskjer folk juletre, men fleirtalet pyntar framleis seinare.
– Dei aller fleste pyntar oppunder jul og veslejulaftan, seier han.
Fint å gå i skogen
Bolset er sjølv glad i dei naturlege trea framfor plasttrea du kan ha år etter år. Er du heldig å ha eigen skog, kan det å gå ut og leite etter juletre bli ei fin stund, meiner han.
Og skulle treet vere litt ujamt eller tynt, kan resultatet likevel bli bra til slutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om treet du finn ikkje er akkurat det finaste, så blir det bra når det er ferdigpynta, seier Trygve Bolset.