Anita Lotsberg og Svein Arne Henjesand skal setje opp birdbox-hytter her på Lotsbergskåra. Satsinga er del av ein draum om å kunne jobbe litt meir heime frå garden, og at fleire skal få nyte utsikta. På søylene Svein Arne og Anita står ved, skal ei av hyttene bli plassert. Alle foto: Louise Nygaard.

Svein Arne og Anita vil at fleire skal få nyte denne utsikta

Då Svein Arne flytta til sambuaren Anita sin heimstad Lote i Stad kommune, fall han pladask for den fantastiske utsikta. No vil paret dele den med andre.

På Lotsbergskåra bur Svein Arne Henjesand og Anita Lotsberg. Frå denne høgda har dei utsikt mot sjø, fjell og spektakulære solnedgangar.

– Heilt magisk

No har dei tatt steget ut i noko ukjent, og oppretta selskapet Skaara Living for utleige av feriehytter. To birdbox-hytter, plasserte på Lotsbergskåra, skal snart huse folk frå nært og fjernt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi tenkte at vi måtte vise fram den fantastiske utsikta vi har her oppe, fortel Svein Arne.

Han flytta frå Slinde i Sogndal til Nordfjordeid for over 30 år sidan. Etter at han trefte Anita, valde han å flytte frå leilegheit på Nordfjordeid til Lote, der dei no bur på garden der Anita er oppvaksen. No kallar han seg nordfjording.

– Utsikta her er jo heilt magisk. Det er fantastisk, seier Svein Arne.

Sjølv om Anita har vakse opp på Lotsberg, har heller ikkje ho blitt lei utsikta.

– Eg tek bilde av utsikta kvar dag, ler ho.

Kom med ferja: Slik ser utleigehyttene ut. Her er dei plasserte på kaia på Lote, før helikopteret skal frakte dei opp i høgda.

Inspirasjon frå eiga oppleving

Til vanleg jobbar Svein Arne som overingeniør i Statens vegvesen, medan Anita jobbar som hjelpepleiar.

Ideen om overnattingstilbod på utsiktshøgda fekk dei etter å ha overnatta i tretopphytta på Sandane.

– Vi var litt nysgjerrige på desse greiene. Vi syntest det var så bra at vi hadde lyst til å prøve noko sånt sjølv. Av og til kjem ideane med opplevingar, fortel Svein Arne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv har dei gått for to minihytter, av typen «birdbox», på elleve kvadratmeter, med plass til to personar i kvar hytte. Hyttene er produserte av Live It og bygd i Eikefjord av Brødrene Aa. Derfrå blei dei transporterte med lastebil og frakta med helikopter opp til Lotsbergskåra.

Inne er det kjøkkenbenk og seng, med sitjeplass framfor sjølve utsiktsvindauget som er retta ut mot sjøen.

– Vi håpar å ha den eine hytta klar for booking i mai, og den andre i juni, fortel Svein Arne.

– Men vi har faktisk fått litt respons allereie. Det er mange som er nysgjerrige på dette og lurer på når dei kan kome. Folk frå heile landet har tatt kontakt, held han fram.

Utsikta i fokus: Innvendig er det dobbeltseng, kjøkkenbenk og sitjegruppe. Ikkje minst er det store vindauge.

Eit yrke på garden

Ein av grunnane til at Anita og Svein Arne ville få på plass utleige, var for å skape ei større moglegheit for å jobbe heime på garden.

– Håpet var å kunne ha næring på ein tungdriven gard. Før i tida slo og hesja dei alt sjølv, det er krevjande. Med desse hyttene kan vi kanskje ha ein viss prosent av yrket vårt på garden, seier Anita.

– Nei, det er ikkje lønsamt å drive ein gard som dette i dag, seier Svein Arne.

For sambuarparet har det vore viktig ikkje å gjere for mykje inngrep i naturen i prosessen. Hyttene er plasserte på seks søyler som er gravne ned i bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plasseringa av hyttene er også valt med omhug.

– Vi tenkte at dei måtte ligge litt frå kvarandre, og skjult frå huset der vi bur. Og sjølvsagt ha god utsikt, seier Svein Arne.

Han seier det har vore viktig å skape ei kjensle av at ein er for seg sjølv der oppe. Det er del av heile opplevinga, og noko han og sambuaren likte godt då dei var på overnatting i eit liknande konsept.

– Ein skal vere for seg sjølv, føle på litt luksus og få ei fin naturoppleving, meiner han.

Meir spesielt enn hotell

– Slike overnattingshytter er blitt populært. Har de nokre tankar om kvifor?

– Det er jo ei lita gåve til seg sjølv og den ein bur saman med. Det er ei spesiell oppleving og noko ein gjer saman, som er litt utanfor det ein gjer til vanleg. Det er heller ikkje eit vanleg hotellrom, men ein skal kjenne på den same luksusen, kanskje berre litt meir spesielt, seier Svein Arne.

Dei har også fokus på å få til eit godt samarbeid med andre bedrifter i nærområdet, som det er naturleg å knyte til seg.

– Ein kan få mat levert frå det lokale Minibakeriet, ein sjå og kjøpe husflid frå lokale bedrifter, gå fine turar i fjellheimen og ein kan bruke sjøen og elles nytte seg av alt det flotte Nordfjord har å by på, seier Svein Arne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fantastisk: Oppe i høgda på Lote kan både menneske og dyr nyte flott utsikt og natur.

Spanderer på seg ei oppleving

Etter å ha delteke på eit etablerarkurs frå Kunnskapsfabrikken for å lære meir om det å starte bedrift, har dei mellom anna gjennomført marknadsundersøkingar i forkant, og lese seg opp på liknande tilbod.

– Vi tok kontakt med fleire andre som hadde sett opp liknande hytter. Det tok heilt av, og folk frå heile Europa nytta seg av tilbodet. Enkelte hadde 80 prosent belegg det første året, så det verkar som folk er villige til å spandere opplevingar på seg sjølv, smiler Svein Arne.