– Som 20-åring flytta eg frå Nord-Noreg til Bergen heilt åleine, vekk frå familie og venner – det var vel ganske modig, seier Silje Kristin Pettersen.

Silje gler seg til å få besøk frå Vesterålen

Sommarpraten 2022

Namn: Silje Kristin Pettersen

Alder: 40 år

Sivil status: Singel

Bustad: Ommedal i Hyen

Yrke: Barnehageassistent

1. Kva får deg i feriemodus?

– Dersom eg har fri frå arbeid og vêret er fint, så hjelper det veldig. Det er enklare å finne roa når sola er framme og temperaturen er god.

2. Kva blir høgdepunktet denne sommaren?

– Høgdepunktet blir å få besøk av foreldra mine. Eg er frå Vesterålen i Nord-Noreg, og av den grunn er det sjeldan høve til å treffe familie. Foreldra mine har aldri vore i Gloppen, og det blir kjekt å vise dei kor fint vi har det.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva er ditt beste sommarminne?

– Det var eit vanskeleg spørsmål, for eg har så mange. Det beste må vere frå i fjor sommar, då eg og sonen min var på campingtur saman. Turen gjekk først til Hardanger, og vidare til Måløy og Refviksanden der vi slo opp telt.

4. Kva er det modigaste du nokon gong har gjort?

– Som 20-åring flytta eg frå Nord-Noreg til Bergen heilt åleine, vekk frå familie og venner – det var vel ganske modig. Grunnen til at eg flytta, var at eg kom frå ein liten stad og hadde lyst til å utvide horisonten.

5. Kven meiner du fortener ei rose?

– Kollegaene mine i Hyen barnehage fortener ei rose. Dei er skjønne, og vi har det veldig kjekt saman.

6. Kvar går turen om du skal trene eller trimme?

– Vi har eit vektrom i Hyen, der eg er ein ivrig brukar. I tillegg likar eg å gå i fjellet, og eg deltek gjerne på fellestreningane som er i Hyen.

7. Kva tek du deg til på ein godvêrsdag?

– På godvêrsdagar likar eg å vere aktiv. Eg går gjerne turar, men brukar også tid til innandørs trening.

8. Kva mat smakar best ein sommardag?

– På varme dagar har eg ikkje så stor appetitt, og då smakar det godt med noko lett. Ein god salat eller noko frisk frukt er fine alternativ.

9. Kva bok, serie eller film vil du rå andre til å lese eller sjå – og kvifor?

– Historiene om Harry Potter kjem i både bok og film, og er like kjekke for store som for små. Det beste med Harry Potter, er at historia finn stad i eit magisk univers som ein kan drøyme seg fullstendig vekk i.

10. Kva engasjerer deg mest i nærmiljøet?

– Som mor engasjerer eg meg gjerne i det som son min deltek i på fritida. Han er til dømes med på idrettsskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

11. Kva får deg i godt humør?

– Dersom eg møter blide menneske og vêret er fint, er det noko som kan få meg i godt humør. Elles kan eg også kome i god stemning av å lytte til musikk.

12. Kva ville vere draumedestinasjonen for ein blåtur?

– Det er mange gode alternativ å velje mellom, men eg ville kanskje ha reist til Bergen. Det er ein kjekk by med moglegheiter for varierte aktivitetar. Til dømes kan ein besøke akvariet, trampolineparkar og ulike museum. Dersom vêret er godt, er det også fint å gå i sentrumsnære område, som ved Bryggen.

13. Om du skulle få oppfylt eitt ønske, kva ville det vere?

– Dersom eg kunne ha fått oppfylt eitt ønske, så ville eg ha ønska alt godt til alle som eg er glad i.