Anne Berit Selle tok over som dagleg leiar på Nesholmen i juni 2020.

Anne Berit styrer perle ved vatnet

Ved Storfjorden, ein halvtimes køyretur frå Hyen i retning Eikefjord, finn du skiltet til Nesholmen Leirstad.

Den smale, og ørlite granne kronglete vegen ligg omkransa av skog, og ber ikkje bod om noko anna enn bratt fjellside og vakre Eimhjellen på den andre sida av vatnet.

Idyllisk

Men følgjer du skiltet og vegen ned mot vatnet, opnar skogen seg opp og viser deg løyndomen sin. Her ligg naturperla Nesholmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leirstaden som vart bygd i 1951, og er eigd av KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, ligg idyllisk til med vatnet på begge sider av den vesle holmen som har gitt staden namnet.

Den store raude hovudbygningen huser matsalen, stove, kjøken, kafé, kapell og kiosk. Nokre steinkast unna ligg husa og stovene som gjestane overnattar i.

– Er ein gode vener og puttar folk i alle senger, er det overnatting til 100 personar her, smiler Anne Berit Selle, som tok over sjefsstolen for leirstaden i juni 2020.

Nesholmen leirstad ligg idyllisk til i Vestredalen i Hyen, rett ved Eimhjellevatnet, om lag ein times køyring frå Sandane, Førde og Florø.

Leir og feiring

Sesongen strekkjer seg frå vår til haust, men dei opnar òg opp for lag og tilstellingar utanom sesongen.

Utanom KFUK/KFUM-leirane som naturlegvis blir haldne på staden, er Nesholmen ein populær plass for konfirmantleirar, fylkesleirar og ulike private feiringar.

– Det er mange som brukar oss til bryllaup, bursdagar og ikkje minst konfirmasjonar. No i mai har vi inne bestillingar på seks konfirmasjonsselskap, opplyser ho.

Nilsstova vart flytta frå ein gard i Eimhjellen på 1960-talet, og er ei stove frå 1800-talet. I dag blir den brukt til selskapslokale og samlingsstad for ulike arrangement.

Mykje å finne på

Staden er òg populær for folk som er på gjennomreise, og ifølgje Selle blir mange overraska over aktivitetstilbodet når dei svingar nedom.

– Vi har både kano, SUP-brett, båtar og fiskeutstyr, og fleire fine badestrender som er populære på sommaren. I tillegg har vi fotballbane og sandvolley- og basketballbane. Det er mykje å finne på, for både store og små, seier Selle.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fellesferien er kafeen i hovudbygget open, og planen er å gjenta suksessen frå i fjor med søndagsmiddagar.

– Då har vi gode, norske middagsklassikarar som vi serverer i kafeen. I tillegg er kiosken open kvar dag, der ein kan kjøpe seg is, brus og andre søtsaker.

Dei fleste av aktivitetane på Nesholmen krinsar rundt vatnet.

Stamgjestar

Utanom større grupper, tilbyr Nesholmen overnatting for enkeltpersonar, og Selle fortel om fleire familiar og små grupper som kjem igjen og igjen etter å ha forelska seg i plassen.

– Vi har ein kameratgjeng frå Halden som brukar å vere her ei lita veke fast. I fjor måtte eg berre spørje kvifor dei ville reise så langt kvart år, og fekk til svar: «Ja, men berre høyr då, høyr på stillheita», ler ho.