Kvitt og jordfargar går att i pynten folk brukar tidleg i førjulstida, fortel Reidun Elvebakk i butikken Heime på Sandane.

– Jula kjem tidlegare og tidlegare inn i heimane

Det er den mest hektiske tida for alle som driv butikk. Hos Heime på Sandane ser dei tydeleg korleis julevanane til kundane endrar seg.

– Hektisk – og kjekt, seier Reidun Elvebakk og smiler.

Det er orda som oppsummerer korleis det er å drive i butikkbransjen når juletrykket begynner å ta seg opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir kvitt, mindre lilla

Enno er det november, men julehandelen er godt i gang. Mange kundar kjem for å finne gåver, andre vil ha ny pynt til heimen.

Elvebakk ser at trendane endrar seg, både når det kjem til kor tid kundane pyntar og kva dei pyntar med.

– Jula kjem tidlegare og tidlegare inn i heimane, fortel ho.

Seint i november og tidleg i desember går det mykje i kvitt og jordfargar. Nissen med raud lue må fint finne seg i å vente litt, men han må på ingen måte gi opp.

– Det raude kjem alltid mot slutten, seier Elvebakk.

Adventsfargen lilla derimot, er det ikkje like mykje av lenger. Litt trist, synest butikkdrivaren.

Julepynten i raudt må berre vere tolmodig. Når ein nærmar seg jula, kjem alltid den raude pynten fram, ifølgje Reidun Elvebakk.

Viktig for drifta

Enno er det tidleg i julehandelen. At folk er meir forsiktige i pengebruken i dyrtid, har dei førebels ikkje merka så mykje til.

Mange vanar held seg. Bruksting som kaffi, sjokolade eller ledlys, er gjerne populært til dei som har det meste frå før, fortel Elvebakk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var pizzasaks ein stor gåvevinnar, i år har dei selt mykje av «Nordfjord-forkleet». Varer i naturlege materialar, som trefjøler, er også noko mange vil ha.

For Heime utgjer julehandelen ein svært viktig del av omsetninga.

– Det er kjempeviktig. Eg hadde ikkje drive butikk utan julehandelen, seier Elvebakk.

Å gjere butikken klar for jul, og å pakke inn gåver til kundane, høyrer med til julestemninga, seier Reidun Elvebakk.

– Hugs damp-rista

Kundar kjem og går, varer blir leverte, dei tilsette hjelper og pakkar inn.

Butikken greier seg utan ekstrahjelper i førjulstida. «Hektisk og kjekt» blir kanskje stikkordet i vekene som kjem.

Men ei lita gulrot er det i enden. Julaftan fell på ein søndag, noko som betyr ein etterlengta fridag for dei tilsette.

Samtidig er det eit apropos til alle som er del av «i siste liten»-gjengen.

– Det må vi kanskje rope litt høgt om, smiler Elvebakk.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Heime er det ikkje gåver det går mest av julaftan, men det kan vere andre, vel så viktige ting som manglar.

– Mi bekymring handlar om damp-rister, ribbepanner og stamparar, ramsar Elvebakk opp.

Skal julemiddagen kome på bordet også på ein søndag, bør ein sjekke kjøkkenutstyret før 24. desember. For då er også dei butikktilsette heime og kjenner på juleroen.