Svigerson og svigermor: Ståle Randal og Anne Karin Kleppenes jobbar godt saman. – Men vi veit begge korleis vi vil ha det, så av og til blir det nokre diskusjonar, smiler Anne Karin.

Her jobbar svigerson og svigermor side om side

I ein ombygd fjøs med utsikt over Hyefjorden kan du feire livets små og store dagar.

Rett etter Gloppen sin kortaste tunnel på fylkesveg 615 i retning Hyen, ligg Kleppenes. To svingar opp frå hovudvegen, på ei høgde med utsikt til den vakre Hyefjorden, finn du den vesle garden som deler namn med neset.

– Det heile starta vel med at vi pussa opp stabburet, seier Anne Karin Kleppenes, som i dag driv selskaps- og cateringverksemda Kleppenes Gard saman med svigersonen Ståle Randal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pussa opp stabburet

Ho og mannen, Oddvin Kleppenes, la ned gardsdrifta med mjølkekyr og sauer på garden for om lag 20 år sidan.

I fleire år stod fjøsen tom, og Anne Karin hjelpte etter kvart Ståle, som er utdanna kokk, meir og meir med cateringverksemda han dreiv på si, i Førde.

Då stabburet stod klart, ville dei ha ein venefest for å teste ut kor mange det var plass til i lokalet.

– Den gongen lagde vi ein 15-rettar meny som var heilt ny til den festen. Det artige er at mange av rettane som vi hadde på den menyen, er av dei som framleis er mest populære i dag, smiler Ståle.

I dette stabburet, med plass til 24 til bords, starta verksemda i 2014.

God start

Dei to dreiv godt i lag desse første åra i stabburet, og kunne ta imot 24 gjestar til bords.

– Det var grådig kjekt, og ein passeleg stad å byrje, seier Ståle, som på den tid hadde 100 prosent jobb i Førde.

Anne Karin tok imot mindre selskap åleine, og fekk hjelp av svigersonen når det var større arrangement.

– Ho hadde gått i god lære i mange år, veit du, så ho kunne alt, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg merka fort når han ikkje var fornøgd med innsatsen, blunkar ho.

Fjøsen

I starten vart maten laga på kjøkenet i huset til Anne Karin og Oddvin, som dei hadde fått godkjent av Mattilsynet.

Men etter kvart auka etterspurnaden etter den gode maten frå Kleppenes, og dei bestemte seg for å bygge om det gamle mjølkerommet til nytt kjøken. I 2018 vende dei blikket mot resten av fjøsen, og i palmehelga 2019 stod det nye selskapslokalet klart.

– Då hadde vi allereie fleire bestillingar inne, seier dei to.

– Det var motiverande i byggeprosessen.

– Vi har hatt 100 personar til bords her. Men det skal vere ein plass for alle, og ikkje noko lag er for lite. Vi har hatt berre fire personar her òg, dei koste seg og var veldig fornøgde, seier Anne Karin om selskapslokalet Fjøsen.

Variasjon

Sidan den gong har det strøymd på med folk som tar turen opp dei bratte bakkane til Kleppenes Gard, anten i bryllaup, gravferd, dåp, bursdagar elle andre små og store dagar i livet.

Sjølv om dei no, nesten ti år etter, har halde på nokre av rettane som dei starta opp med, er stagnasjon ikkje symptomatisk for desse to.

– Nei, dei første åra planla vi ny meny frå gong til gong, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slik er det litt framleis, sjølv om vi no har eit utval av faste menyar vi kan tilby gjestane. Ståle likar å eksperimentere, og finne nye smakskombinasjonar, smiler Anne Karin.

– For meg er det veldig inspirerande, seier han og fortel at dei i dag har fem faste menyar kundane kan velje frå.

– Men du kan òg plukke ut dei rettane du vil frå desse fem og mikse slik du vil. Vi er veldig fleksible, og ønskjer å gje kundane det dei vil ha. Andre gonger er det vi som plukkar ut rettane, då kan vi kanskje finne på nye ting.

– Det er kundane ofte opne for, seier Anne Karin.

Samarbeid

Ståle har no gått ned i 50-prosentstilling i sin faste jobb i Førde, og deler tida si mellom Sunnfjord og Hyen.

– Det er nesten ikkje ei helg han ikkje er her. Eg ser vel i grunn meir til han enn mi eiga dotter, ler Anne Karin.

– Det er ikkje alle som jobbar like godt med svigermor si?

– Nei, det kan du seie. Det er sjølvsagt ikkje alt vi er like einige om, men vi har funne ein god balanse, føler eg. Eg likar meg best bak på kjøkenet, medan det er du som tar deg av det meste her framme, smiler han og ser bort på svigermor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, vi har våre meiningar begge to, og det skal ein ha, av og til. Så er det takhøgd for å seie ifrå om det er behov for det. Men stort sett går det bra, vi veit kva vi skal gjere, konstaterer Anne Karin.

Vestlandsidyll: Kleppenes Gard bit seg fast i fjellsida over Hyefjorden og byr på både mat og utsikt av ypparste klasse.