Full trykk: Gunnar Fjellestad i GF Design tok med seg firmaet og flytta frå Bergen heim til Sandane i 2017. Han seier marknaden er om lag den same, sjølv om han no lever eit langt meir anonymt tilvere.

Å gjere godt arbeid er langt viktigare enn TV-effekt

Godt innarbeid som TV-elektrikar i TV 2-programmet Tid for hjem, hoppa Gunnar Fjellestad av og flytta heim til Sandane. Ute av rampelyset blomstrar verksemda hans GF Design vidare.

– Om eg har hatt nokon stor effekt av TV-programmet etter at eg flytta heim, er vanskelig å måle. Då er det langt viktigare å gjere skikkelig arbeid på oppdraga eg har til ei kvar tid. Det er det du blir målt på. Her i bygda kjenner alle kvarandre uansett. Men det er klart det er positivt at folk veit kven eg er. Slik sett var det veldig bra å vere med i Tid for hjem, seier Gunnar Fjellestad (42).

Kjent frå TV: Gunnar Fjellestad i huset han har installert i Øvre Nordstranda på Vereide. Vi ser korleis spottane i taket dannar lysformasjonar i møte med vegg, møblar og plantar. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard.

Han gjekk elektrolina ved Eid vidaregåande skule, tok fagbrev heime på Sandane og teknisk fagskule i Førde, før han fann ut at han ville ut av Nordfjord og «lufte seg». Valet fall på Bergen, der han fekk jobb hjå Service Elektrikeren AS. Det var gjennom dette selskapet han kom inn i produksjonsmiljøet som laga Tid for hjem. Konseptet i programmet som nyleg vart nedlagt, var å ta eit hus med behov for fornying, og totalforvandle det i løpet av eit TV-program. Etter kvart dukka det opp ein kar med velklingande nordfjorddialekt i programmet - Gunnar Fjellestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var involvert i programmet i til saman 11 år. Først i kulissane, så meir framfor kamera. Det var ei spanande og kjekk tid.

Til elbil: Gunnar Fjellestad driv i utgangspunktet eit reint elektrikarfirma. Lysdesign er eit spesialfelt, men firmaet har erfaring frå eit vidt spekter av elektroinstallasjonar. Her installerer han elbilladar.

Flytta med seg firmaet

– Eg jobba som installatør i Bergen i 11 år, det siste året jobba eg mest med TV-produksjonen.

Parallelt med han gjekk over til å jobbe nærmast heiltid med TV, slutta han i elektrikarfirmaet han hadde jobba for, og starta sitt eige firma. GF Design AS vart etablert som eit einmannsfirma i Bergen i 2016. Gunnar tok med seg firmaet då han flytta heim i 2017, etter 12 år i Bergen. Ei stund heldt han fram samarbeidet med TV-produksjonen med base på Sandane.

Tre tilsette: GF Design AS har vakse til tre tilsette etter at Gunnar Fjellestad flytta firmaet til Sandane. Frå venstre Gunnar Fjellestad, Malin Aske og Tord Hafnor. Her er dei i lokala til Fjordium High Performance der dei har installert.

– Både eg og kona mi Marianne er herifrå. Vi har to søner, på 5 og 8 år. Det var naturleg å flytte heim til familie og vener, seier han.

– Korleis var det som sjølvstendig næringsdrivande å flytte frå den store marknaden i Bergen til ein mindre marknad på Sandane?

– Eg vil seie det er mykje likt. Det har vore fullt trykk med arbeid frå dag ein her også. Det har vore meir enn nok å ta tak i. Men som sjølvstendig med ansvar for to tilsette blir det uansett slik at du kanskje ei veke lurer på om du har nok, så tek du på deg oppdrag og neste veke har du kanskje for mykje, seier han. Sjølv om det ligg i firmanamnet at han er oppteken av lysdesign, at lys skal inngå i interiøret i eit hus i kombinasjon med fargar og arkitektur, driv han eit reint elektrikarfirma.

– Vi tek på oss alt av oppdrag, frå bustader til næring, industri og landbruk.

Fine detaljer: Døme på korleis lys blir ein del av interiøret, der det er innfelt og skjult i trapperekkverket.

Lysplan

Vi møter Fjellestad i eit lite bustadfelt i Øvre Nordstranda på Vereide, der han har installert eit nytt bustadhus. Denne dagen skulle han montere ein elbilladar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi får ein kikk på jobben han har gjort inne i huset. Her finn vi mellom anna lysdetaljer med spottar felt inn i trespiler i tak, der lyset fell ned på veggen og dannar ein lys- og fargeformasjon. Ein annan fin detalj er rekkverket på trappa mellom etasjene, der det er innfelt skjult lys på innsida som gir ei lysstripe på veggen langs heile rekkverket oppover.

Lysformasjon: Innfelt i trespilene i taket kastar spottane lys på veggen i ein nøye planlagt formasjon.

Motivasjonen er å skape solide belysningsanlegg som gjev god balanse mellom brukar, rom og lys. Fjellestad seier han er oppteken av å gjere kundane medvitne på vala dei tek.

– Det er viktig å vite kva du likar og kva du ynskjer. Nokon av dei eg jobbar med er usikre på korleis dei vil ha det. Då set vi oss ned og snakker om det, eg kan presentere idear og vi finn ut kva retning vi skal gå. Resultatet blir ein lysplan. Dette skjer på planstadiet, når husteikningane er klare. Tidsbruken for å installere eit bustadhus varierer alt etter storleik og kva ein ynskjer, men du får gjort mykje på 300 timar.

Natur inn: Nordfjordnaturen kjem inn i einebustaden på Vereide gjennom store panoramavindauge mot fjorden. Det må lysdesignet tilpassast.

Veks jamt og trutt

GF Design har vore involvert i fleire satsingar på Sandane dei siste åra, mellom anna bustadprosjektet Elvaneset, kjent for berekraftig bumiljø. Andre er treningssatsinga Fjordium High Performance med avansert tredemølleteknologi, kontorlokalet Spire, Sandane Senter, og utbygging ved Nordfjord Folkehøgskule som akkurat er ferdig.

Sjølv om Fjellestad nemner fem andre større og mindre elektrofirma på Sandane, har han funne sin nisje i marknaden. Han fortel at GF Design veks jamt og trutt. Elektrikar Malin Aske og elektrikarlærling Tord Hafnor er tilsette i selskapet i tillegg til Gunnar sjølv.

– Vi skal tilsetje ein til med det første. Så får vi ta ting litt etter kvart. Eg er komfortabel med storleiken på selskapet slik det er no. Så langt har vi hatt nok å gjere med prosjekt lokalt. Det er bra driv i byggjenæringa i og rundt Sandane framleis, så får vi berre sjå korleis ting utviklar seg med økonomien i samfunnet. Ser vi rundt oss er både Eid, Vikane og Jølster innanfor om lag same avstand som Hyen i eigen kommune. Det er ein marknad det er naturleg å sjå mot.

Nybygd: GF Design har mellom anna installert dette nye bustadhuset på Vereide.