Dagleg leiar for Repix AS, Rolf Kjetil Egge (t.v), fekk ein god start på det nye selskapet.

Repix fekk kjemperesultat i fjor

Fotobedrifta Repix AS på Reed vart skipa i juli i fjor, på restane av Cewe Foto som trekte seg ut av Breim og selde Eurofoto-avdelinga til Rolf Kjetil Egge.


Saman med Stian Myklebust etablerte han selskapet Repix AS for å vidareføre drifta av verksemda på Reed og berge ein del av arbeidsplassane. I fjor haust fekk dei avtale med nettselskapet Foto.no om produksjon av foto for dei.

Ekstraordinært første halvår

Rekneskapen for fjoråret omfattar fem månader og syner ei omsetning på i overkant av 9.5 millionar. Av dette sit selskapet att med eit resultat før skatt på nesten 2.6.

– Dette er sterke tal, dagleg leiar Rolf Kjetil Egge?

– Ja, vi er godt nøgde med resultatet, men tek ikkje av. Resultatet i fjor er ekstraordinært og har fleire årsaker, fortel Egge som for det første peikar på at drifta i fjoråret gjekk føre seg i høgsesongen, medan mykje av kostnadane var tekne i første halvår.

– I denne bransjen er hausten høgsesong, og det gjorde til at vi fekk ein god start. I tillegg har resultatet ein del å gjere med  avslutninga med Cewe, seier Egge som understrekar så godt han kan at eigarane har beina godt planta på jorda og er audmjuke overfor det dei veit er ein marknad med store svingingar.

Godt første halvår

Første halvår i år starta på mange måtar der fjoråret slutta for verksemda på Reed.

– Vi hadde eit veldig godt første halvår, og det at vi no har kjøpt opp Nfoto, gjer til at ordretilgangen har auka, så vi har rikeleg arbeid for tida. Men vi ventar ikkje eit like godt resultat som i fjor. Det var spesielt, fortel Egge som peikar på at dei driv i ein bransje der ting endrar seg fort.

– Det er også små marginar, så det er viktig å ha kontroll på kostnadene. Vi er nøydde til å gå i pluss, skal vi klare å utvikle oss, og eg forventar plussresultat i år også, sjølv om det truleg ikkje blir like godt som i fjor, avsluttar bedriftsleiaren som ser lyst på framtida, og som seier at bedrifta på alle måtar har beina godt planta i asfalten på Reed.

Overskotet i fjor vart ikkje søla bort, men nytta til å styrke eigenkapitalen i selskapet som ved årsskiftet var på respektable 41 prosent.

 

Fakta

*Samla driftsinntekter: 9,53 mill. kroner

*Resultat før skatt: 2,58 mill. kroner

*Resultat etter skatt: 1,99 mill. kroner

*Sum eigenkapital: 2,29 mill. koner

*Gjeld: 3,23 mill. kroner