Torgeir Bjørset får andakt i blikket når han ser på steinen som kom ned frå fjellet i 1897 og som har vore i tunet sidan.

Rasa som to gonger trua tunet

I gamle skrifter er det nemnt rasfare på Bjørset, både snøskred og fjellskred. Dette er ikkje spesielt unaturleg når vi ser på det bratte Bjørsetfjellet ovanfor bruka.





Torgeir Bjørset (80) står ein stille og fin marsdag i 2019 og ser på ei eldgammal eik som står i tunet, og som har sett slik ut så lenge han kan hugse. Kor gammal eika er, er det ingen som veit, men ho er nok fleire hundre år.

To ras
Det som er sikkert når det gjeld denne eika, er at ho har overlevd minst to store ras som begge trua tunet på bruket. Det første gjekk i november 1897, det andre i desember 1986. Sidan rasfare er nemnt i papir frå 1700-talet, må ein gå ut i frå at både tunet og eika har vore utsette for ras også tidlegare.

Bestefar til dagens Torgeir, Torgeir Ludvikson Bjørset ( 1875-1961), opplevde raset i 1897 og fortalde barnebarnet kva som hende.

– Det hadde snøa heilt i vatnet før det slo om til mildvêr og regn. Det striregna heilt til fjells og alt flaut, fortalde bestefar. Etter kvart losna det jord og stein høgt oppe som dundra nedover mot tunet, men raset sneia så vidt forbi tunet på vestsida av husa og gjekk i vatnet. Ein stor stein la seg framfor eika der, fortel Torgeir og peikar på staden der steinen stansa, få meter frå husa.


Her, like framfor dørhella til tingstova, stoppa den store steinen i 1986. Like ovanfor lyser «Herren er nær» frå den andre steinen som for nitti år sidan stansa ved den store eika like ved husa.

Steinen var for stor til å flytte på, så den vart liggande. Men oldefar til Torgeir, Ludvik Torgeirsen (1845-1928), hogg inn teksten og årstalet som eit minne om den dramatiske hendinga.

Steinen vart flytta
Åra gjekk og steinen med inskripsjonen vart liggande til sommaren 1986, nesten 90 år etter raset. Då hadde Torgeir traktor som var stor nok til å flytte steinen.

– Det var så vidt det gjekk, men eg klarte det, fortel Torgeir om steinen som vart flytta om lag 20 meter og lagd på oppsida av ein gangveg, rett ovanfor noverande våningshus og den gamle tingstova.

Der vart steinen ein del av ein liten bakkemur, og ligg fint plassert og lett synleg.

– Då eg flytta steinen var det ei nabodame som meinte at dette skulle eg ikkje ha gjort, fortel Torgeir som då ikkje visste kva som skulle kome, nokre månader seinare.


Det er bratt i lia ovanfor tunet på Bjørset og spor etter raset i 1986 er enno synleg.

Ny dramatikk
Tredje desember 1986 er ein dag Torgeir Bjørset hugsar som det var i går, og som han aldri kjem til å gløyme.

– Vi fekk plutseleg kraftig regn på frosen mark og det regna heilt til fjells. Det var midt på dagen då ho som køyrde posten fortalde at ei grov var på avvegar hos naboen. Eg gjekk bort dit for å sjå då eg plutseleg høyrde eit rabalder omtrent som fleire helikopter. Eg såg ikkje noko i lufta og eg skjønte heller ikkje at det kunne vere helikopter ute i slikt vêr. Men eg skjøna fort kva som var i ferd med å skje og sprang det eg kunne tilbake. Eg var sikker på at huset var vekke, for eg visste kva som skjedde 90 år tidlegare, men eg såg fort at huset stod. Inne var kona og dottera, og då eg kom fram stod dei i døra og skreik. Like ved veggen til gamlestova låg ein stor stein og der låg hunden og skreik, fortel Torgeir som såg store deler av den dyrka marka vest for tunet dekka av jord og stein.

Den gamle eika stod med jord langt oppetter stammen, og Jølstravatnet var brunfarga fleire hundre meter langs stranda og langt utover.


Denne eika har opplevd to ras. I 1986 låg det jord langt oppetter stammen, og arealet bortanfor var delvis dekt av det store raset. Steinen som kom i 1897 stansa rett framfor, og litt til høgre, for eika.

Steinen berga seg
Framfor steinen med inskripsjonen låg det ikkje så mykje som eit gruskorn, men eit par meter bortanfor hadde den store steinen som låg framfor gamlestova dundra forbi. To meter frå veggen på tingstova stansa den, som ved eit under. Rett ovanfor der den stoppa, lyser «Herren er nær» frå steinen som stoppa like ved husa 90 år tidlegare. Den nye steinen vart delt i tre, men likevel var det berre så vidt ei ganske stor gravemaskin klarte å løfte den vekk.

I tre veker vart det køyrt med dumper for å rydde vekk jord og stein frå den dyrka jorda vest for tunet og den gamle eika. Riksvegen var stengd i fleire dagar, men i dag er det ingen ting som syner att av dramatikken i 1986. Den gamle eika står der som før, og steinen frå 1897 ligg der og minner nye generasjonar om kva som har skjedd på den gamle lensmannsgarden, og at Herren har vore nær to gonger.

– Han var nærare no enn sist, var det ein nabo som sa i 1986, fortel Torgeir som ikkje ser bort i frå at nye ras kan kome.

– Du veit at med tida byggjer det seg opp nytt jordlag, og då kan ting skje på nytt, seier mannen som er glad han flytta steinen med inskripsjonen i 1986.
Hadde han ikkje gjort det, hadde den nok mest truleg hamna i Jølstravatnet.


«Herren er ner», i tillegg til dato og årstal er greitt å skjøne, men kva tyder dei to orda «Port of»? Det kunne Torgeir Bjørset tenkt seg å få greie på.