– Etterleving av tiltak for å avgrense smittespreiing er ikkje ei privatsak, men eit samfunnsansvar alle må ta i fellesskap, seier politidirektør Benedicte Bjørnland. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Politiet oppmodar folk til å ta samfunnsansvar



Ressursane i politiet bør ikkje bindast opp til å handheve at enkeltpersonar etterlever råda frå styresmaktene til kvar tid, slår politidirektøren fast.


– Etterleving av tiltak for å avgrense smittespreiing er ikkje ei privatsak, men eit samfunnsansvar alle må ta i fellesskap, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.


Ho understrekar likevel at politiet følgjer Riksadvokatens føringar om å prioritere brot på smittevernlova.


– For politiet er det eit prinsipp å gi råd og rettleiing før pålegg eller i ytste konsekvens bruk av makt eller straffeforfølging.


– Det skal likevel ikkje herske tvil om at openberre brot på smittevernlova vil bli etterforska, og i tråd med Riksadvokatens føringar kan reaksjonen bli høge bøter, seier Bjørnland.


(©NPK)