Oppfriskingskurs for friidrettsdommarane

Vi står framfor ein aktiv og viktig sesong i friidretten. Det blir fleire store stemne på Byrkjelo Stadion, og dei andre friidrettsanlegga i kommunen som er i brukande stand.

Det viktigaste arrangementet er sjølvsagt Hovud-NM 17.-19. august, men også Sparebankleikane 8.-10. juni krev mange og dyktige funksjonærar.

Det blir difor halde oppfriskingskurs for alle friidrettsdommarane i Gloppen (med unntak av Hyen, som skal ha eige kurs) i månadsskiftet. Dommarane har fått brev/epost med informasjon om kurset, og kan velje mellom 28. mai og 4. juni kva kveld dei vil møte opp.

– Ein vil nytte to-tre timar på Byrkjelo Stadion til gjennomgang av dei ulike friidrettsøvingane. I fall dårleg vêr, vert kurset innandørs på skulen, fortel leiar i krinsen sitt dommarutval, Dagfinn Nyhammer.

– Gloppen er kjend for å ha god standard på friidrettsdommarane. Det ønskjer vi absolutt å ha også på komande stemne, noko vi underbyggjer ved oppdatering år om anna, seier Nyhammer.