Fire karar med ein forretningsidé dei trur på. F.v.: Erik Skinlo Øvreseth, Markus Bjørnereim, Jørgen André Hopland Erviksæter og Per Svein Reed.

Nytt selskap med røter i bLAN

I helga gjekk bLAN av stabelen i Breimshallen på Reed, som dette datatreffet har gjort i vinterferie og haustferie sidan 1999.



Som vanleg var huset fylt til siste plass med ivrige ungdomar som spanderte ei helg med lite søvn på hobbyen dataspel og E-sport. Som vanleg var det konkurransar og andre aktivitetar for ungdom frå femte klasse og oppover.

Eldsjeler gjer hobby til yrke
Nokre av dei som har stått bak bLAN dei siste ti åra var til stades i Breimshallen, men no har dei overlate ansvaret for arrangementet til yngre krefter som dei seier.
Vi møtte tre karar frå Breim som saman med fire andre som også har vore engasjerte i bLAN, no har bestemt seg for å satse på å utvikle ei nettbasert plattform for å samle alt som har med E-sport å gjere, på ein plass. E-sport er ein aktivitet som har eksistert på nettet i over 20 år og som i dag engasjerer 500 millionar menneske over heile verda. Gründerane er fjordingar, så nær som ein austlending som dei har møtt gjennom studiar. Selskapet som har fått namnet Gameflow AS har, besøksadresse på Reed, men postadresse i Bergen. Styreleiar og dagleg leiar er Markus Bjørnereim
– Målet vårt er å gjere det enklare for folk flest å komme seg inn på E-sport, fortel Markus som i lag med fleire av dei andre i gjengen bak selskapet har vore engasjerte i bLAN i mange år og som også interesserer seg for E-sport.

Skal forenkle
Planen er at det nye konseptet skal lanserast for ei gruppe forsøkspersonar frå ulike nivå i E-sport som så skal evaluere og komme med tilbakemeldingar. Etter det skal ting justerast får endeleg lansering av den nye plattforma skjer til hausten.
– Problemet no er at det finst mange ulike format, mange plattformer og alt i alt ein uoversiktleg jungel å navigere i for dei som vil inn på E-sport. Det vi skal gjere er å samle og forenkle og vi skal sjølvsagt ha heile verda som marknad. Når det gjeld språk, så startar vi med engelsk og utvidar til andre språk etter kvart. Men dette med omsetjing er tidkrevjande så vi startar med engelsk i første omgang. Når det gjeld framdriftsplan, så har vi klart å halde den, så langt.
Mål om tene pengar
All gründerverksemd handlar om å prøve å tene pengar, slik også her.
– Ja, det er sjølvsagt målet på litt sikt. Vi skal skape betre sjåaropplevingar og det vil bli ein abonnementsopplegg, med ei gratis plattform i botnen. Opplegget skal vere brukarfinansiert og vi må lage et produkt som kundane er villige til å betale for, fortel karane som er både optimistar og realistar når det gjeld framtida.
– Målet er å skape arbeidsplassar på sikt, men først får vi prøve å skape våre eigne, seier Markus Bjørnereim som etter at selskapet var vart registrert i fjor haust, har fått med seg Per Svein Reed på laget.
– Eg vart så fascinert av å følgje denne gjengen, at eg berre måtte hive meg med, seier Per Svein som har satsa ein del kroner på denne forretningsideen som han har god tru på. Han har følgt desse karane gjennom bLAN, spesielt Markus, og han har sett kva som bur i dei av kompetanse og pågangsmot.
– Dei er strukturerte og jordnære som få, samtidig som dei har uhyre mykje kompetanse på det dei driv med.



Starta i fjor

Samarbeidet med Per Svein Reed starta i fjor sommar då dei trengde lokale til å arbeide med å utvikle forretningsideen. Dei fekk bruke andre etasje på Teina og der dreiv dei på seint og tidleg heile sommaren.
– Dei byggjer ei plattform utan annonseinntekter, og det tykkjer eg er flott, seier Per Svein som rosar nokre elles jordnære breimingar som siktar seg heilt til topps i ein internasjonal marknad utan grenser.
– Vi skal bygge ein grunnmur som kan romme noko stort, så får vi sjå, seier Markus som også kan fortelje at Innovasjon Noreg har vore kontakta om støtte og at dei har vist stor interesse.
– Vi trur at dei let seg imponere av både status og produkt, avsluttar Per Svein Reed som er klar for å satse på E-sport som investeringsobjekt.

Markus Bjørnereim er dagleg leiar i Gameflow AS og første april vil eit forsøkspanel få tilgang til denne logoen.
Gjengen som står bak Gameflow AS. F.v.: Tobias Martens, Andreas Storesund Madsen, Jon Even Fossheim, Markus Bjørnereim, Jørgen André Hopland Erviksæter, Kåre-André Gåsemyr Hole og Erik Skinlo Øvreseth. Foto: Start up lab.