Leif Arild Fjellheim er sjølv rullestolbrukar og har jobba med kartlegginga i Rogaland. Foto: Norges jeger- og fiskerforbund.

Nytt kart viser tilrettelagde fiskeplassar for funksjonshemma

Det finst tilrettelagde fiskeplassar for funksjonshemma over heile landet. No har Norges Jeger- og Fiskerforbund for første gong laga ei digital oversikt over desse stadene, og har også teke med utsetjingsplassar for småbåtar.


Desse er å finne i NJFF-appen og i ei nettbasert kartløysing.


– Fiske er for alle, og då meiner vi alle. Folk flest kjenner ikkje til dette tilbodet, og det er det vi prøver å gjere noko med no, seier Steinar Paulsen, sportsfiskekonsulent i NJFF, i ei pressemelding.


Tilrettelagde fiskeplassar har vore laga mange stader, men ingen har derimot hatt fullstendig oversikt.


– Med denne tenesta vil vi forhåpentlegvis fjerne nokre barrierar slik at fleire funksjonshemma skal få komme seg ut i naturen, seier Leif Arild Fjellheim, studieleiar i Karmøy JFNF. Han er sjølv rullestolbrukar og har vore med på prosjektet for HC-tilrettelagde fiskeplassar og utsetjingsrampar for båt.


– Vi er sjølvsagt klar over at vi ikkje har fått med alle tilgjengelege fiskeplassar eller båtrampar, så vi vil meir enn gjerne ta imot ny informasjon eller korrigeringar av den informasjonen vi allereie har. Oppdateringar gjer vi kontinuerleg så snart vi får inn nye tips, legg Paulsen til. (©NPK)