Nytt album frå Good Time Charlie

Bandet som har Arle Hjelmeland frå Førde som frontfigur er godt kjendt i vårt distrikt etter fleire konsertar både under Fjordblues på Sandane, Sandanedagane og Jazz på Jølst.



 

 

Under Jazz på Jølst har Good Time Charlie to gonger vore aktørar under barnejazzkonserten. Fredag slepper dei ny plate, den tredje i barneplateserien "Jubelblues"

Lakenskrekk

Dette er tittelen på plata som har lansering i Bergensområdet no i helga. Ifølgje bandet, så er dette låtar som handlar om lakenskrekk, sølehopping,  jojotroll, mirakelkur og om trenaren som har tørna.
-Musikken er energisk rhythm & blues i kjent Good Time Charlie-stil. Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi! Jubelblues er levande musikk som rommar det meste av kjensler, heiter det.

For alle
Good Time Charlie har stort engasjement for rhythm & blues som musikkform og fartar landet rundt med ein unik evne til å skape god kontakt med publikum i alle aldrar gjennom musikken sin. Dei har i mange år hatt eit godt grep om den yngre garde noko vi har sett under barnejazzkonsertane under Jazz på Jølst der bandet har skapt nettopp stort engasjement og begeistring. Den rykande ferske plata, Lakenskrekk, er eit nytt kapittel i denne musikalske reisa.

-Jubelblues er gøy for små og store og passar best for heile flokken frå 0-100, seier Arle Hjelmeland som no er klar med bandet si 12. plate. Som vanleg er språket nynorsk, eller Sunnjord dialekt som Arle likar å kalle det.

- Den funkar fint over alt, enten det er i Oslo, Bergen, Trondheim eller Svalbard, smiler blueshovdingen som opplevde stor suksess og mykje folk på konsetane no i helga.

Men det er ein ting han lurer på og det er kvifor ikkje målrørsla er meir oppteken av musikken til Good Time Charlie der tekstane altså er på nynorsk eller Sunnfjord dialekt.