Vinteren vil ikkje heilt sleppe taket enno

Illustrasjonsfoto frå Stardalen tysdag føremiddag.

Den siste veka har vore prega av at vinteren ikkje heilt slepper taket. Meteorologen kan ikkje gi noka trøyst. Det held fram inn i helga.

Det store biletet for den første helga etter påske er at det blir ei grå helg for dei aller fleste. Unntaket er austafjells som ligg i ly av eit lågtrykk frå vest som dominerer vêrbiletet.

– Det blir pålandsvind og snø langs kysten i Sør-Noreg. Austafjells blir liggjande i ly av dette og kan få relativt fint vêr, kor det er relativt kjølig med nordavind, seier vakthavande meteorolog Pernille Bornander ved Meteorologisk institutt til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho oppmodar folk i nord til å smørje seg med solkrem fredag, og seier det er mogleg å sjekke UV-grad på met.mo.

Vêrvinnar i nord

Eit anna unntak frå det store grå vêrbiletet er inngangen til helga i Troms og Finnmark.

Fredag er Troms og Finnmark den store vêrvinnaren. Då er det endeleg ein skikkeleg solskinsdag i nord. No tek sola så godt at det kan bli varmt i husveggen. Dette kan bli ein dag å ta vare på, seier Pernille Bornander.

Obs-varsel i vest

På Vestlandet sør for Stad er inngangen til helga prega av snø. Meteorologisk institutt har sendt ut eit obs-varsel då det er venta 10–20 centimeter snø. Ved inngangen til førre veke var det vår over store delar av Vestlandet. Måndag gjekk det frå 0 til 30 centimeter snø.

– Derfor er det andre utfordringar enn berre eit nytt snøfall på 10–20 centimeter. Det kan vere mange som vurderer å skifte til sommardekk no. Då er konsekvensane så store at vi sender ut obs-varsel, seier meteorologen.

Men også i Sør-Noreg oppmodar meteorologen til å vere merksame på at vinteren ikkje heilt har sleppt taket.

– Der det ikkje kjem snø, vil det framleis vere nattefrost. Då kan det vere glatt på vegane om morgonen før sola tek tak, seier vakthavande meteorolog Pernille Bornander.

(©NPK)