Stardalen måndag morgon. Foto: Bjørg Kjos-Wenjum.

Vinteren har gjort comeback

Snøen har krope nedover fjellsidene natt til måndag, og på fleire litt høgareliggande stader er det kvitt.

Dette gjeld mellom anna Stardalen i Jølster og Fjellbygda i Gloppen.

Skal vi tru meteorologane, har vi ei sur og for årstida kald veke i vente, men temperaturane vil betre seg litt framover mot helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er bra, ikkje minst for arrangørane av Bygdenæringsdagane i Stardalen!